Mennesket i kulturen og kulturen i mennesket. Kulturvitskapelege syn på verda
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- KUVI101
- Undervisningsspråk
- Undervisning gis på skandinaviske språk.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Sentralt i emnet står forståinga av kulturelle fenomen som menneskeskapte, og forståinga av korleis kultur blir skapt, reprodusert og endra. Særleg vil emnet vise korleis kulturelle posisjonar, forståingar og moglegheiter må sjåast i samanheng med tid, stad, sosial klasse, kjønn, seksualitet, etnisitet og kropp. Emnet legg vekt på å vise korleis moderniseringsprosessar i samfunnet har endra både kultur og sjøvforståingar, og om korleis andre kulturar alltid har påverka norsk kultur. Emnet vil også gje studentane innblikk i korleis ein har nærma seg studiet av kultur på ulike måtar opp gjennom faghistoria, kva som var bakgrunnen for etableringa av faget og kva som er hovudtrendane i dag. Studentane vil lære at forteljing og materialitet er to sentrale tilnærmingar i faget.
Gjennom emnet vil studentane også lære om kvifor vi nyttar dei metodane vi gjer innan kulturvitskapen, og korleis metodane er en integrert del av faget si utvikling, fageige fokus og tilnærming til verda.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- kjenner til sentrale teoriar og debatter omkring kulturelle prosessar og kulturell endring.
- kjenner til sentrale element av faghistoria, og til metodebruk innan kulturvitskapen.
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte pensum til å drøfte kompleksiteten i ulike kulturelle prosessar og analysere ulike kulturvitskapelige problemstillingar.
- kan gjere greie for faghistoria og for ulike metodar som kan nyttast i kulturvitskaplege undersøkingar.
- kan reflektere rundt praktiske og etiske problemstillingar knytt til metodane observasjon og intervju.
Generell kompetanse
Studenten
- forstår både overordna problemstillingar i pensum og har kompetanse til å skaffe seg detaljkunnskap om ulike emne.
- kan reflektere om feltarbeid og ulike forskingsfelt.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane må delta i to gruppeoppgåver om feltarbeid:
- Det er obligatorisk å delta på ei gruppesamling der gruppearbeid nr. 1 vert sett i gang
- Det er obligatorisk å delta på ei gruppesamling , der gruppearbeid nr. 1 vert presentert.
- Det er obligatorisk å delta på ei gruppesamling der gruppearbeid nr. 2 vert sett i gang
- Det er obligatorisk å delta på ei gruppesamling , der gruppearbeid nr. 2 vert presentert.
Retningslinjer for gruppeoppgåvene blir presenterte ved semesterstart.
Begge gruppeoppgåvene vert vurdert til godkjend/ikkje godkjend.
Obligatoriske aktivitetar er kun gyldige det semesteret dei vart godkjende.
Vurderingsformer
Heimeeksamen på 5 dagar. Oppgåva skal vere på om lag 3000 ord.
Alle obligatoriske arbeidskrav må vera oppfylte for at studenten skal kunna møta til eksamen.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensumlista er på om lag 1200-1500 sider.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.