Tinga og vi. Materialitet og meining
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- KUVI105
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Fagleg innhald
Menneske omgir seg med ting og lever sine liv i tett omgang med dei materielle omgjevnadane. Det gjeld både korleis ein bruker, forstår og skaper ulike kategoriar som til dømes stader, minner, monument og ulike bruksting. Den fysiske omverda dannar rammer for daglege gjeremål, for korleis ein uttrykkjer seg og for korleis ein skaper band til andre. Det materielle dannar kort sagt praktiske, meiningsskapande og eksistensielle føresetnader for korleis ein lever. Emnet gir ei innføring i kulturvitskaplege teoriar om det materielle som kulturelt fenomen. Dette inneber å studere endringar relatert både til materielle forståingar i fortid og notid, og i private og offentlege samanheng.
Læringsmål
Emnet skal gje ei innføring i kva betyding materielle omgjevnader og gjenstandar har i vårt daglegliv, i forming og forståing av våre omgjevnader. Emnet skal lære studentane å sjå det materielle som kulturelle fenomen.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
- Studenten har kunnskap om det materielle si kulturelle meining og kjenner til forskingslitteratur på feltet.
Ferdigheiter
- Studenten har fått øving i å analysera materielle og kulturelle uttrykk og å formidla resultatet i skriftleg og munnleg form.
Generell kompetanse
- Studenten har lært å kommunisera om faglege tema med andre med bakgrunn i det same fagområdet.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Innlevering av to obligatoriske oppgåver, til dømes ein gjenstandsstudie, videopresentasjon, framlegg i grupper eller podcast.
Oppgåvene er gyldig i det semesteret dei vart godkjende.
Vurderingsformer
Eksamen er ei mappeoppgåve, beståande av tre delar, på til saman om lag 3000 ord. Mappa skal leverast samla i desember.
Deloppgåvetekstane vert gitt på norsk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Litteraturlista er på om lag 1200 sider.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.