Likestilling og mangfald med arbeidslivspraksis
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 20
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- KVIK112
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
OBS. Påmeldingsfrist haust 2025 - søndag 24. august 2025.
Her finner du mer informasjon, blant annet om de ulike bedriftene og organisasjonene hvor du kan ha praksis: https://www.uib.no/skok/178536/likestilling-og-mangfald-med-arbeidslivspraksis-kvik112
Emnet gir ei grunnleggande innføring i sentrale omgrep og debattar innan likestillingsfeltet, med vekt på forholdet mellom likestilling og mangfald, samt ei brei innføring i likestillingas historie. Dagens likestillingsdebatt- og lovgjeving opererer med ei rekkje ulike diskrimineringsgrunnlag, så som kjønn, etnisk bakgrunn, klasse, rase, språk, religion, seksuell orientering, funksjonsevne og alder.
Emnet tar sikte på å lære studentane å analysere forholdet mellom desse kategoriane ut frå ulike teoretiske perspektiv, samt å øve dei i å identifisere praktiske og teoretiske utfordringar som følger av samspel mellom ulike diskrimineringsgrunnlag. I undervisinga legg ein vekt på historiske, strukturelle og ideologiske føresetnader for endringar i høve til korleis likestilling blir forstått og handsama i praksis. Omgrepet likestilling blir og drøfta i forhold til andre verdilada omgrep som menneskerettar, demokrati, fridom og forskjell.
Undervisinga tek utgangspunkt i norske lovverk og praktiske døme, som blir undersøkt kritisk i eit historisk og globalt perspektiv.
Både seminarundervising og arbeidslivspraksis har som mål å auke studentane sitt medvit om eigen kompetanse, og om forholdet mellom den akademiske verksemda ved emnet på den eine sida og behov i arbeids- og organisasjonslivet på den andre sida. Studentane skal utvikle kjennskap til relevante arbeidsplassar, og øve på å aktivere denne kjennskapen i arbeidet med pensum. Samstundes skal studentane kunne bruke si faglege forståing til å løyse praktiske oppgåver på arbeidsplassen, og til å reflektere over vilkår som gjeld der. Studentane får høve til å ta initiativ og gi innspel i arbeidspraksis så vel som på seminar, og til å analysere dei erfaringane dei gjer seg i samråd med rettleiar.
Den einskilde student sine oppgåver i praksisperioden blir konkretiserte i ein kontrakt mellom studenten og den aktuelle arbeidsplassen. Oppgåvene skal ha relevans for den faglege kompetansen emnet gir, og studenten skal få høve til å bidra sjølvstendig og kreativt.
Emnet omfattar eit førebuande seminar i forkant av arbeidspraksis, der samarbeidspartnarar og praktiske omstende vert introdusert. Praksis er óg tema for to oppfølgingsseminar.
Læringsutbytte
Kandidaten:
Kunnskap
- Har kunnskap om sentrale omgrep og debattar innan likestillingsfeltet.
- Har kunnskap om tilhøvet mellom likestilling og mangfaldsproblematikk.
- Har kunnskap om likestilling og mangfald i eit historisk og globalt perspektiv.
- Har kunnskap om og erfaring med arbeid med likestilling og mangfald på aktuelle arbeidsplassar.
- Har kunnskap om korleis faglege spørsmål står i forhold til praktisk arbeid.
Ferdigheiter
- Kan reflektere sjølvstendig og kritisk over sentrale problem på likestillings- og mangfaldsfeltet.
- Kan diskutere norsk likestillingsdebatt i eit historisk og komparativt perspektiv.
- Kan analysere tilhøvet mellom ulike diskrimineringsgrunnlag ved hjelp av teoretiske omgrep.
- Kan nytte fagleg kunnskap i praktisk arbeid.
- Kan vege ulike faglege omsyn opp mot kvarandre i høve til konkrete arbeidsoppgåver.
- Kan ta ei aktiv og kreativ rolle på arbeidsplassen.
Generell kompetanse
- Kan orientere seg i faglitteratur og offentlege dokument.
- Kan formidle kunnskap frå faglege kjelder.
- Kan bruke faglege perspektiv til å tenke kritisk og analytisk om samfunnsaktuelle tema.
- Kan utveksle erfaring og synspunkt på fagleg verksemd.
- Kan reflektere over eiga rolle i arbeidssituasjonar.
- Kan identifisere behov i arbeidssituasjonar.
Studiepoeng, omfang
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Du må ha studierett ved UiB for å ta emnet.
Emnet har eige opptak. Det er avgrensa antal plassar (inntil 15) ved emnet. Tal på plassar avheng av kor mange praksisplassar ein har det aktuelle semesteret.
Søkarar blir prioritert ut frå følgande kriterium, i prioritert rekkefølge:
- Er aktiv ved bachelorprogrammet i kjønn, seksualitet og mangfald ved UiB
- Er aktiv ved årsstudiet i kjønn, seksualitet og mangfald ved UiB
- Er aktiv ved eit anna studieprogram ved UiB.
Dersom det er fleire kvalifiserte søkarar som vil ta emnet enn det er ledige plassar, vil søkarane bli prioriterte etter karaktersnitt.
Studentar som ønskjer å ta emnet, må registrere undervisningsmelding i Studentweb innan gitt frist. Opptak blir kunngjort innan 1. september.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisinga består av førelesingar og seminar, som kan omfatte aktiv deltaking frå studentane, til dømes i form av gruppediskusjon, munnlege framlegg og evaluering.
Seminarundervisinga er direkte knytt til praksisopphaldet.
Om det melder seg færre enn fem studentar kan undervisingstilbodet bli redusert, jamfør retningsliner på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studenten må ha oppfylt følgande arbeidskrav:
- Frammøte og deltaking på seminar (75 %), inkludert framlegg om gjennomført praksisopphald.
- Innlevering av loggbok godkjent av praksisplassen.
- Om lag 40 timar i praksis i ein godkjend organisasjon/bedrift, i samsvar med kontrakt inngått mellom student, SKOK og arbeidsplassen. Ordninga er fleksibel i den forstand at arbeidspraksis kan bli konsentrert til ei arbeidsveke eller fordelt over eit lenger tidsrom i løpet av semesteret, i samråd med arbeidsgjevar.
- Refleksjonsessay om praksisopphald i lys av fagleg pensum. Refleksjonsessayet kan innehalde produkt utarbeida for arbeidsplassen, i form av ein rapport, kampanje eller anna som arbeidsplassen har behov for.
- Obligatoriske arbeidskrav er gjeldande i to semester, inkludert undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- 6-timers skuleeksamen
Det er høve til å skrive på engelsk.