Nyare teoriar om kjønn og seksualitet
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- KVIK201
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
KVIK201 Nyare teoriar om kjønn og seksualitet har ein klar teoretisk profil, der grunnlagsproblem, teoretiske retningar og aktuelle spørsmål i kvinne- og kjønnsforskinga står sentralt. Emnet gir ei brei innføring i dei viktigaste teoretikarane og teoretiske retningar i den moderne kjønnsteorien frå og med Freud og frametter, med vekt på ulike tilnærmingar til spørsmålet "Kva er kjønn" og på sentrale problemfelt i dagens kjønnsteori. Emnet gir og ein introduksjon til feministisk vitskapsteori.
Læringsutbytte
Ein student som har teke eksamen i KVIK201:
Kunnskapar
Studenten
- har detaljert kunnskap om dei viktigaste aktørane og dei sentrale problemstillingane innanfor kjønnsteorien og kan sette dei inn i eit historisk, globalt og kritisk perspektiv
- har tileigna seg teoretiske omgrep og forståingsmåtar som gjer det mogleg å reflektere kritisk over sentrale spørsmål i kjønnsteori
- har grunnleggande innsikt i sentrale spørsmål i feministisk vitskapsteori
Ferdigheiter
Studenten
- kan diskutere forskjellar og likskapar mellom ulike teoretiske ståstader i kjønnsteorien
- kan reflektere kritisk over teoretiske problem som har med kjønn å gjere
- kan nytte innsikter frå feministisk vitskapsteori til å reflektere kritisk i høve til andre faglege samanhengar og i høve til kunnskapsproduksjon generelt
Generell kompetanse
Studenten
- kan drøfte teoretiske problem på ein kritisk måte
- kan formulere seg skriftleg over eit teoretisk problem
- kan drøfte relevansen av teori i høve til vitskaplege, kunnskapsrelaterte og samfunnsmessige utfordringar
Fulltid/deltid
Fulltid
Studiepoeng, omfang
15 sp
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor.
Undervisninga er også eit tilbod til mastergradsstudentar.
Undervisningssemester
Haust
Vår frå 2027.
Undervisningssted
Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Det er tilrådd med grunnleggande kunnskapar i moderne samfunnsvitskapelig og/eller humanistisk teori, til dømes KVIK101 eller andre teoretiske emne på 100-nivå.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vil bli gitt som førelesningar og seminar, normalt 3- 4 timar i veka over 12 veker.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
To munnlege framlegg av pensum i løpet av semesteret.
Vurderingsformer
Heimeeksamen (6 dagar) på omlag 3500-4500 ord og munnleg eksamen.
Dei to eksamenane tel 50% kvar.
Ein må bestå begge eksamensdeler for å bestå emnet.
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Vår frå 2027.
Litteraturliste
Pensum er på om lag 1000 sider og er satt saman av eit utval sentrale kjønnsteoretiske tekstar, tekstar frå feministisk vitskapsteori og sentrale grunnlagsproblem i kjønnsteorien.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet blir gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant
Programansvarlig
Programstyret ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking.
Emneansvarlig
Senter for kvinne- og kjønnsforsking.
Administrativt ansvarlig
Senter for kvinne- og kjønnsforsking er administrativt ansvarleg for emnet.