Masteroppgåve i psykologi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Gjennom forskingspraksis skal masteroppgåva gje studentane djupare innsikt i teori og empiri på eit avgrensa område. Oppgåva skal utvikle studentane sine evner til ei kritisk handsaming av avgrensa problemstillingar ved hjelp av vitskaplege metodar. Studentar som skriv ei 30 sp masteroppgåve vert oppmoda til å nytte eksisterande data frå forskingsgruppenes verksemd. Det vert stilt krav til ei skriftleg framstilling i tråd med APA-standarden.  

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan...

  • analysere forholdet mellom tema, forskingsspørsmål og forskingsdesign.
  • grunngje val av forskingsdesign gitt problemstillingar og rammefaktorar som tid og økonomi.
  • demonstrere breidd og fordjuping i kunnskapar innanfor temaområdet.

Ferdigheitar

Studenten kan...

  • gjennomføre ein vitskapeleg analyse av kvalitative data, kvantitative data eller forskingslitteratur.
  • gje ei klar og presis skriftleg framstilling av forskingsarbeidet.
  • vurdere og grunngje bruk av forskingsdesign.
  • vite kva konklusjonar som kan trekkjast frå analysen
  • meistre å utforme ein akademisk tekst i samsvar med APA-standarden, korrekt bruk av kjelder, korrekt presentasjon av referansar og bruk av relevante litteraturdatabasar.

Generell kompetanse

Studentn kan...

  • reflektere over forskarrolla i innsamling og bruk av data.
  • reflektere over etiske forhold i høve til bruk og tolking av eigne data, kjelder og sitering.
  • reflektere over forfattarskap og medforfattarskap i vitskapleg arbeid.

Undervisningssemester

Haust eller vår.
Krav til studierett
Oppmelding til emnet krev studierett ved masterprogrammet i psykologi.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer

Masteroppgåva blir evaluert av ein komité på to fagpersonar der minst éin skal vere ekstern (dvs. ikkje tilsett ved Universitetet i Bergen). Karakteren vert fastsett på grunnlag av det skriftlege arbeidet.

På den skriftlege masteroppgåva blir det sett ein felles karakter for alle kandidatar. Ved fastsetjing av karakter på det skriftlege arbeidet blir det nytta ein gradert karakterskala frå A til F. Det vert gjeve ei tilbakemelding på oppgåva til kandidatane i fellesskap etter karakterfastsetjinga.

Masteroppgåva skal leverast elektronisk på Studentweb. Studenten kan levere inn masteroppgåva når den er ferdig, likevel innan fristen for normert studietid. Studenten skal ha stått på eksamen i fellesdelen og den fagspesifikke delen før innlevering av masteroppgåva.

Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Litteraturliste
Tilrådd litteratur, sjå nettsider under Mitt UiB.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.