Matematikkens historie - matematikken i oldtida
Masteremne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- MAT642
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet gir ei innføring i dei viktigaste trekk ved matematikken si utvikling i oldtida. Det tek for seg sumerisk og babylonsk matematikk, egyptisk, indisk og kinesisk matematikk. Ein lærer om deira talsystem og kva innsiktar og metodar dei hadde i algebra og geometri. Vidare tek ein for seg gresk og hellenistisk matematikk, og framveksten av aksiomatisk tenkjing og prov i matematikk og geometri. Spesielt får ein innsikt i Euklids elementer. Ein får og innsikt i korleis geometri og matematikk for folka i oldtida var eit nyttig og viktig praktisk reiskap.
Læringsutbytte
Studentane skal få innsikt i korleis matematiske idear naturleg har oppstått og utvikla seg, dels som følgje av samfunnet og naturvitskapen si utvikling og dels som følgje av den indre dynamikken i matematikken sjølv.
Undervisningssemester
Utgått emne, undervises ikke lenger.
Undervisningssted
Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Fordel med ca. 30 studiepoeng matematikk
Studiepoengsreduksjon
5 studiepoeng overlapp med MAT291, 5 studiepoeng overlapp med MAUMAT642
Krav til studierett
Emnet inngår i programmet Erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i matematikk og vert tilrettelagt for denne studentgruppa.
Emnet er også opent for studentar med annen studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi.
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
2 obligatoriske aktiviteter/oppgåver (gyldig i tre semester; inneverande og to påfølgjande)
Vurderingsformer
Mappe (25 %), samt 3 timar skriftlig eksamen (75 %). Tillatne hjelpemiddel: ingen.
Studentar med studierett på erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i matematikk, kan etter søknad få ha skriftleg eksamen på ein utdanningsinstitusjon nær eigen heimstad.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.