Regresjonsmodellar i medisinsk forsking
Masteremne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- MEDSTA2
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk. Engelsk dersom internasjonale PhD-kandidatar.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Målet med kurset er å gje ei innføring i regresjonsmetodar som vert mykje nytta i medisinsk og epidemiologisk forsking (Cox regresjon, logistisk regresjon, lineær (gaussisk) regresjon). Kurset skal gi ei forståing for metodane sine bruksområde og avgrensingar. Vidare skal kursdeltakarane gjerast i stand til å utføre enkle analyser, tolke utskrifter frå statistiske programpakker og formidle resultata i vitskapelige artiklar.
Læringsutbytte
Kunnskap
Etter fullført emne skal studentane kunne:
- Forstå korleis vanlege regresjonsmodellar (lineær, logistisk, Cox) virker
- Forstå korleis ein bygger opp ein regresjonsmodell ved hjelp av ulike variablar, og kunne tolke regresjonskoeffisientar
- Forstå korleis effektstorleik, signifikansnivå og utvalsstorleik heng saman med statistisk styrke
Ferdigheiter
Etter fullført emne skal studentane kunne:
- Utføre og tolke vanleg brukte regresjonsanalysar
Generell kompetanse
Etter fullført emne skal studentane:
- ha tileigna seg god forskingsskikk og forståing av korleis ein rapporterer data og tal, til dømes ikkje rapportere selektivt eller overdrive tydinga av eigne funn
.
Studiepoeng, omfang
5 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Master/PhD-nivå
Undervisningssemester
Vår
Krav til forkunnskaper
HELSTA/MEDSTA eller tilsvarande og noko kjennskap til statistikkpakkar
Studiepoengsreduksjon
MEDSTA2 har fagleg overlapp med:
- ELMED313 (1 sp)
Krav til studierett
opptak på master-/ph.d.-program
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar og øvingar.
6 dagar med undervisning.
Øvingane vil vere basert på programpakken Stata
NB! Alle kursdeltakarar må ta med eigen PC (laptop eller stasjonær) med Stata installert.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
To obligatoriske heimeoppgåver.
Vurderingsformer
Skriftlig heimeeksamen
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturliste i Leganto
Emneevaluering
Periodisk emneevaluering
Programansvarlig
Enkeltståande emne
Emneansvarlig
Emneansvarleg: Magne Haugland Solheim
Administrativt ansvarlig
Institutt for global helse og samfunnsmedisin