Teknologi i samfunnet
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- MEVI224
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Målet med kurset er å gi ei teoretisk fordjuping i forholdet mellom informasjonsteknologi og samfunn. Studenten lærer om dei tekniske, sosiale og historiske kreftene som bidreg til utviklinga av ny teknologi. Kurset presenterer teoriar om teknologi, design og innovasjon, og drøftar ulike oppfatningar av kva krefter som set sterkast preg på utviklinga av moderne informasjonsteknologi.
Kurset består av ein forelesingsserie om sentrale teoriar og ei seminarrekke der teoriane blir kobla til aktuelle tekniske praksisar i dialog med ekspertar på feltet.
Læringsutbytte
Ved gjennomføring av dette emnet vil studenten ha oppnådd følgjande læringsutbytte definert i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten...
- har kunnskap om forholdet mellom ulike akademiske teoriar om teknologiutvikling.
- har kunnskap om aktuelle tekniske praksisar.
Ferdigheiter
Studenten...
- kan diskutere forholdet mellom teknologiske og sosiale krefter i den historiske utviklinga av moderne informasjonsteknologi.
- kan reflektere kritisk rundt sentale teoretiske posisjonar og formulere eigne meiningar som blir underbygd med argument frå fagfeltet.
- kan analysere ein aktuell teknisk praksis i lys av teoriar.
Generell kompetanse
Studenten...
- kan bruke sentrale teoretiske perspektiv til å forklare og forstå utviklinga av informasjonsteknologi og funksjonen den har i samfunnet, og presentere slikt arbeid i muntleg og skriftleg form.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
- INFOMEVI201 (15 ECTS)
- INFOMEVI224 (10 ECTS)
- MEVI224B (15 ECTS)
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjent muntleg bidrag til workshop: å gi ein presentasjon og utføre ein kritisk opposisjon.
Deltakelse i workshops (80 %)
Det er inga tidsavgrensing for godkjende arbeidskrav.
Vurderingsformer
Sjølvvalgt emneoppgåve på 5000 ord +/- 10%, ekskludert innhaldsliste og litteraturliste.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.