Teknologi i samfunnet

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Målet med kurset er å gi ei teoretisk fordjuping i forholdet mellom informasjonsteknologi og samfunn. Studenten lærer om dei tekniske, sosiale og historiske kreftene som bidreg til utviklinga av ny teknologi. Kurset presenterer teoriar om teknologi, design og innovasjon, og drøftar ulike oppfatningar av kva krefter som set sterkast preg på utviklinga av moderne informasjonsteknologi.

Kurset består av ein forelesingsserie om sentrale teoriar og ei seminarrekke der teoriane blir kobla til aktuelle tekniske praksisar i dialog med ekspertar på feltet.

Læringsutbytte

Ved gjennomføring av dette emnet vil studenten ha oppnådd følgjande læringsutbytte definert i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om forholdet mellom ulike akademiske teoriar om teknologiutvikling.
  • har kunnskap om aktuelle tekniske praksisar.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan diskutera forholdet mellom teknologiske og sosiale krefter i den historiske utviklinga av moderne informasjonsteknologi.
  • kan reflektera kritisk rundt sentale teoretiske posisjonar og formulera eigne meiningar som blir underbygd med argument frå fagfeltet.
  • kan analysera ein aktuell teknisk praksis i lys av teoriar.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruka sentrale teoretiske perspektiv til å forklara og forstå utviklinga av informasjonsteknologi og funksjonen den har i samfunnet, og presentera slikt arbeid i skriftleg form.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Ingen, men kurset byggjer på 100-kursa på informasjonsvitskap og medier og kommunikasjon.
Studiepoengsreduksjon

INFOMEVI201 (10 ECTS)

MEVI224 (10 ECTS)

Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og seminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på seminar (80%).

Det er inga tidsavgrensing for godkjende arbeidskrav.

Vurderingsformer

Sjølvvalgt emneoppgåve der teoretiske perspektiv blir anvendt på ein aktuell teknisk praksis.

Eksamen kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarlig
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.