Design for mediebruk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Målet med emnet er å gjere studenten kjend med utfordringane knytte til design av system og grenseflatar som presenterer medieinnhald. Døme er nye interaktive forteljingsformat og nye metodar for å aksessere nyhende. Emnet legg vekt på brukarevalueringar av mediebruk såvel som produksjon av medieinnhald. Emnet inkluderer følgjande tema:

Modul 1: Utforske eksperimentelt medieinnhald produsert i eit eksisterande medium. Her lærer studentane å evaluere bruk av innhald med subjektive metodar som kvalitative intervju og/eller fokusgrupper, og får innsyn i bruk av objektive metodar som blikksporing og stressarmbånd. Studentane lærer om mediebruk i utvalde sosiodemografiske grupper.

Modul 2: Utvikle medieinnhald til eit eksperimentelt, ikkje-etablert grensesnitt (til dømes dokumentar for AR- eller VR-briller). Studentane skal lage historier, storyboard og produsere animasjonar og interaktive funksjonar. Arbeidet føregår i grupper.

Det er sterkt anbefalt å melde seg som deltakar i brukerstudier. Ei slik praktisk oppleving kan vere eit godt supplement for betre å forstå litteratur om brukarstudier og eksperiment.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har kjennskap til kvalitative og kvantitative metodar innan forsking på brukaropplevingar knytte til mediedesign
  • har kunnskap om minst eitt av følgande tema: sosiale teknologiar, spel, interaktive media, brukargenerert innhald

Ferdigheiter

Studenten

  • kan presentere funn knytt til mediebruk, brukargrupper og mediebrukstrendar i samtida
  • kan identifisere utfordringar og utvikle nye løysingar som betre støttar det brukarane treng
  • kan nytte ulike metodar for å studere mediebruk

Generell kompetanse

Studenten

  • kan formidle sentralt fagstoff knytt til brukaropplevingar innan media, både skriftleg, munnleg og eventuelt gjennom andre relevante uttrykksformer
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med fagfellar

Studiepoeng, omfang

20 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Media City Bergen
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
MIX202 (20 studiepoeng)
Krav til studierett
Reservert for studentar på bachelorprogram i medie- og interaksjonsdesign
Arbeids- og undervisningsformer
Rettleiing, instruksjon/lab, workshop og feltarbeid (15-20 veker)
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatoriske munnlege og skriftlege oppgåver, oppmøte på undervisning (minst 80%)

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen

Godkjende obligatoriske arbeidskrav er berre gyldige i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

To deleksamenar:

  1. Gruppelevering: Studentane skriv ein rapport frå brukarevalueringa. Evalueringa skal gjere greie for bruken av både subjektive og objektive metodar (modul 1, tel 1/2).
  2. Gruppelevering: Studentane lagar ein prototype og ein skriftleg spesifikasjon. Spesifikasjonen skal inkludere eit storyboard (modul 2, tel 1/2).

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret skal leverast på same språk som eksamensoppgåva.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert normalt berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret. 
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarlig
Programrådet ved Institutt for informasjons- og medievitskap
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.