Vitenskapsteori med etikk

Ph.d.-kurs

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet tar opp sentrale tema innan vitskapsteori og etiske spørsmål med direkte relevans for vitskapleg praksis. Døme på slike tema er: samfunnsmessig organisering av vitskap; akademisk reielegheit; vitskapen si rolle og etiske ansvar i samfunnet; dilemma knytte til oppdragsforsking; moralske dilemma skapte av moderne vitskap; korleis vitskap kan handtere kompleksitet og uvisse; samt konsekvensane av ei utdanning som kan forme vitskapleg tenking som etikkfri og amoralsk. Emnet gir studentane ein arena og eit høve til å reflektere kritisk over eiga forsking.

Emnet består av ein kjernedel med sju førelesingar og sju diskusjonsseminar, samt ein del med ni valfrie modular som tek for seg spesifikke tema eller problemstillingar innan vitskapsteori og etikk. Kvar deltakar skal velje tre av dei valfrie modulane. Studentane skriv eit essay om eit epistemologisk eller etisk problem som er relevant for eige fag- eller forskingsfelt.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Studenten kan

  • reflektere kritisk over det epistemiske grunnlaget til vitskapane, og over dei implikasjonane dette har for eiga forsking
  • forstå kva vitskap kan, og ikkje kan, levere, og å forstå korleis og kvifor dette er slik
  • gjere greie for sentrale debattar innan vitskapsteori, samt perspektiv på forholdet mellom vitskap/ekspertise og samfunn
  • setje debattane om grunnlagsproblem i naturvitskapane i samanheng med tilsvarande debattar innan humaniora og samfunnsvitskap
  • identifisere etiske spørsmål av generell relevans for eige forskingsfelt
  • forklare og prioritere etiske spørsmål med særleg relevans for eigne prosjekt
  • gje ei oversikt over epistemologiske, etiske og samfunnsmessige aspekt ved eit forskingsprosjekt innan eige felt

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

ph.d.

Undervisningssemester

Vår og haust
Krav til forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon

MNF290 eller MNF490 (3 studiepoeng)

MNF390 eller PHDVIT (5 studiepoeng)

Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med opptak til forskerutdanninga ved Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Emnet blir undervist intensivt over ein periode på fem og ei halv veke. All undervisning med stadbasert eller nettbasert kontakt finn stad i dei tre første vekene. Undervisninga består av ei blanding av førelesingar og diskusjonsseminar. Seminara tek for seg spesifikke tema og inkluderer gjennomgang av øvingar. I løpet av emneperioden skal det leverast to skriftlege oppgåver. Ei av desse oppgåvene er det avsluttande essayet, som skal leverast to og ei halv veke etter siste førelesing.

Emnet omfattar fleire obligatoriske krav til frammøte og aktiv deltaking i både stadbaserte og nettbaserte aktivitetar, sjå nærare omtale nedanfor. Kravet om aktiv deltaking inneber mellom anna ei forventning om at studentane møter førebudde til undervisninga.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Frammøte og aktiv deltaking i minst 80 % av førelesingane og seminara
  • Frammøte og aktiv deltaking i minst tre modular
  • Innlevering av svar på minst 80 % av diskusjonsspørsmåla i det nettbaserte verktøyet for emnet (Mitt UiB/Canvas)

Alle aktivitetane må vere fullførte.

Vurderingsformer
I tillegg til den skriftlege oppgåva som blir levert i undervisningsperioden, skal kvar student levere eit essay innan to veker etter avslutta kurs. Desse to oppgåvene utgjer grunnlaget for vurderinga.
Karakterskala
Bestått/ikke bestått
Vurderingssemester
Emnet går hvert semester med vurdering hvert semester.
Litteraturliste
Litteraturliste vil bli publisert på Mitt UiB
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsbasen.
Programansvarlig
Fakultet for naturvitskap og teknologi
Emneansvarlig

HAUST 2026: Senter for vitskapsteori, Prof. Roger Strand, roger.strand@uib.no

VÅR 2027 og seinare: Senter for vitskapsteori, Prof. Jeroen van der Sluijs, jeroen.sluijs@uib.no

Administrativt ansvarlig
Fakultet for naturvitskap og teknologi