Hardingfelebygging 1
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 20
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- MOB109
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet er eit tilbod til studentar som ønskjer fordjuping i hardingfelebygging vidare i studiet. Saman med MOB110 Felemakarhistorie erstattar emnet dei to emna MOB107 og MOB108 for slike studentar på andre år av bachelorstudiet.
Emnet skal utvikle dugleik og kunnskapar i hardingfelebygging. Studieopplegget har opplæring under direkte rettleiing av felemakar som sentralt innhald. Emnet omfattar:
- Materialkunnskap: Bruksområde, emneval, arbeidsmåtar
- Verktøykunnskap
- Arbeidsprosess: Frå emne til ferdig instrument
- Akustiske omsyn: Materialval, avstemming/tilpassing av delar
- Kunnskap om bygging av andre strykeinstrument
- Innføring i bogereparasjon
- Teori: Akustikk og organologi
Læringsutbytte
Studentar som har fullført emnet skal ha følgjande læringsutbyte:
Kunnskapar:
Studenten skal ha grunnleggjande kunnskapar innanfor dei fleste områda av hardingfelebyggjarfaget, inklusive material- og verktøykunnskap, konstruksjonen til andre strykeinstrument, bogereparasjon, akustikk og organologi.
Ferdigheiter:
Studenten skal ha grunnleggjande ferdigheiter innanfor dei fleste områda av hardingfelebyggjarfaget, inklusive material- og verktøybruk, akustiske omsyn og bogereparasjon.
Generell kompetanse:
Studenten skal vise evne til å ta sjølvstendige faglege val på bakgrunn av fagleg rettleiing og litteratur.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjende før eksamen.
Godkjende obligatorisk arbeidskrav er gyldige i to semester etter gjennomføring.