Folkedans
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- MOB216
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk og/eller engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Mål:
Emnet har som mål å gje studenten eit utvida kunstnarleg fundament for allsidig og sjølvstendig arbeid som musikar, og skal gjennom å utvikle danseferdigheit og kunnskap om tradisjonsdans, bidra til å utvikle studenten som utøvar.
Emnet fokuserer på:
- Eigne danseferdigheiter: Studenten sakl utvikle grunnleggjande teknisk ferdigheit og uttrykksevne gjennom individuell rettleiing og eiga øving. Det blir arbeidd med sentrale element som motiv, rotasjon/samdans, variasjon og kroppsleg uttrykk, med særleg vekt på tilhøvet mellom dans og musikk.
- Kunnskap om dansetradisjonen. Det blir vist til relevant litteratur og andre kjelder som arkivmateriale, filmopptak osv.
- Repertoarkunnskap: Studenten skal arbeide med stoff innanfor ein eller fleire norske eller nordiske folkedanstrasdisjonar. I tillegg kan eventuelt folkedansar frå andre land studerast, i mindre omfang.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- Har grunnleggjande kunnskap om folkedanstradisjonen.
Ferdigheiter
Studenten
- kan danse eit utval tradisjonsdansar
- kan kvalifisere seg for opptak til MOB217 Folkedans påbygging
Generell kompetanse
Studenten
- meistrar grunnleggjande øvingsteknikkar, kan etterlikne ein dansestil og har grunnleggjande innsikt i tilhøvet mellom folkedans og folkemusikk / samarbeidet mellom dansar og musikar.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Delta på undervisning (individuell rettleiing/gruppeundervisning)
- Studenten skal meistre eit repertoar av minst 4 ulike folkedansar. Repertoarliste skal vere godkjend av faglærar og leverast inn til studieadministrasjonen innan ei veke før eksamenstidspunkt.
- Studenten gjer framlegg om eit eksamensprogram, som skal godkjennast av faglærar inna ein månad før eksamenstidspunkt.
All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører normalt til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjende før eksamen. Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldig i to semester etter gjennomføring.