Teknikkar, modellsystem og aktuelle forskingstema i molekylærbiologi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Mål:

Dette kurset introduserer forskingsområde innan moderne molekylærbiologi med fokus på forsking utført i faggruppa for molekylærbiologi ved Institutt for biovitskap. Studentane skal tileigne seg forståing for den konseptuelle bakgrunnen, dei eksperimentelle tilnærmingane og modellsystema som vert brukt i forsking på molekylære og genetiske interaksjonar, differensiering, fysiologi og homeostase av celler og korleis desse prosessane påverkar dyr under normal utvikling og under patologiske tilstandar. Emnet skal sette studentane i stand til å identifisere kunnskapshull innanfor eit bredt spekter av forskingsområde innanfor molekylærbiologi og å matche vitskapelege spørsmål med eksperimentelle tilnærmingar for å løyse dei.

Innhald:

Emnet tek opp nokre av følgande tema: Rolla til lipider og lipid-protein-interaksjonar og korleis dei bidreg til sjukdom, bruk av dyremodellorganismar for å studere utvikling av kreft, nervesystemutvikling og nevrodegenerative sjukdommar, regulering av proteinhomeostase, samt immunologi og vaksinologi til fisk.

Dei generelle konsepta og dei store ubesvarte spørsmåla innan desse forskingsområda vert introdusert. Metodikken for å kunne svara på desse spørsmåla vert forklart.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten kan forklare

  • hovudkonsepta innan forskingsområda nemnt ovanfor
  • særtrekk til modellorganismar som gjer dei eigna for desse forskingsområda
  • avanserte metodar for manipulering av genfunksjon

Ferdigheiter

Studenten kan

  • trekkje ut relevant informasjon frå forskingsartiklar og review-artiklar og presentera dette til andre forskarar
  • diskutere etiske aspekt ved bruk av modellorganismer og genmanipulering

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng: 250 arbeidstimar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

HaustEmnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved NT-fakultetet.

Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Dersom det er fleire studentar enn plassar, får studentane tilgang til emnet etter følgjande prioritering:

  1. Studentar på masterprogrammet i molekylærbiologi
  2. Studentar i 5. eller 6. semester på bachelorprogrammet i molekylærbiologi
  3. Studentar på masterprogrammet i biologi
  4. Studentar i 5. eller 6. semester på bachelorprogrammet i biologi
  5. Andre studentar ved NT-fakultetet
  6. Studentar med poststudierett

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
MOL100 og, MOL201/BIO103. Emnet høver best i mastergraden, tidlegast 5. eller 6.semester av bachelorgraden.
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi og at du oppfyller forkunnskapskrava.
Arbeids- og undervisningsformer

8 dobbeltførelesingar.

Deltaking på minst 6 førelesingar ,5 MOL-seminar eller andre fagleg relevante seminar (må verte førehandsgodkjent av emneansvarleg) og 3 møte med oppgåve-rettleiar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på orienteringsmøtet.

Dokumentert deltaking på førelesingar (det er 7 til 9 førelesingar) med moglegheit for å gå glipp av maksimalt 2 førelesingar, dokumentert deltaking på 5 MOL-seminar (eller andre fagleg relevante seminar som er førehandsgodkjent av emneansvarleg) og av 3 møte med oppgåve-rettleiar.

Obligatorisk munnleg presentasjon av den skriftlege oppgåva.

All obligatorisk aktivitet må vere godkjent, og oppgåva må vera gjennomført for å få karakter i emnet i undervisningssemesteret.

Obligatorisk aktivitet er gyldig i eit semester (berre inneverande semester).

Vurderingsformer
Skriftleg oppgåve om eit tildelt tema.
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Haust; Det er ikke mogleg å få vurdering i semester utan undervisning.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studie@bio.uib.no
Administrativt ansvarlig
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.