Tidleg musikk, ensemble II
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- MUV247
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk og/eller engelsk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Mål:
Emnet har som mål å førebu for utøving innanfor konteksten historisk informert framføring på periodeinstrument.
Innhald:
MUV247 Tidleg musikk, ensemble II gjev fordjuping i repertoar frå middelalder, renessanse, barokk, klassisk eller romantisk stil. Her blir utøving og refleksjon kombinert gjennom framføring, lytting, kjeldestudium, ensembleaktivitetar og fellestimar. Den einskilde studenten vel sitt/sine fagområde for fordjuping
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten ..
* er godt inne i stiltrekka i repertoarområdet ein fordjupar seg i
* er kjend med sentralt kjeldemateriale i musikkmanuskript og tekstar knytt til repertoarområdet ein fordjupar seg i
Ferdigheiter
Studenten ..
* kan utøve tidleg musikk på eit eller fleire periodeinstrument
Generell kompetanse
Studenten ..
* kan anvende tileigna kunnskap i framføring av musikk frå repertoarområdet ein fordjupar seg i.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisninga startar i haustsemesteret, og går over to semester.
Undervisningssted
Bergen
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.
Arbeids- og undervisningsformer
Det vert arbeidd med eiga øving, litteratur (sjå eiga litteraturliste) og lytterepertoar (sjå eiga liste), førelesingar, fellestimar, ensembleprosjekt og fordjupingsoppgåve (konsertføredrag på 30 minutt).
Det vert undervist i stilspesifikke emne som diminusjonspraksis, ornamentikk, generalbassakkompagnement, temperering, improvisasjon, skuleretningar etc. I fellestimane vert det arbeidd med praktiske øvingar, innstudering, framføringar og konsertføredrag (fordjupingsoppgåve).
I seminar eller i form av individuell rettleiing vert det arbeidd med innstuderingssleiing, vurdering og bruk av kjeldemateriale og presentasjon/tilretteleggjing av oppgåvearbeid.
Ensembleundervisning/prosjektprøver vert arrangert etter avtale.
Fordjupingsoppgåva er knytt til studentane sitt hovudinstrument og historikken/repertoaret til instrumentet.
Det vert lagt stor vekt på utveksling og vidareføring av kunnskap og erfaring mellom studentane i faget, gjennom studentførelesingar og prøve/ensembleleiing. Det er forventa at studenten arbeider sjølvstendig gjennom ensembleprøvar, eiga øving, eiga lytting og oppgåvearbeid.
Det vert gitt noko instrumentalundervisning og oppgåverettleiing etter behov.
Innøvd og framført ensemblerepertoar: om lag 30 min.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- fellestimar med ensembleundervisning
- ensembleprøver
All undervisning er obligatorisk.
Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Mappevurdering av:
- presentasjon av fordjupingsoppgåve i konsertføredrag, 30 minutt
- mappevurdering av tre konsertframføringar eller lydopptak gjennomført i løpet av studieåret. Om det vert gjennomført fleire konsertar/lydopptak, må studenten oppgje kva for slike som høyrer med i mappevurderinga.
Dei konsertframføringane/lydopptaka vert vekta likt.
Intern sensur med minst to sensorar.