Norrøn mytologi i prosa
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- NOFI106
- Undervisningsspråk
- Norsk eller engelsk etter behov.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Læringsutbytte
Kunnskapar
Ein kandidat som har teke eksamen i NOFI106
- har grunnleggjande kunnskap om norrøn mytologi
- har grunnleggjande kunnskap om mytologien i Snorra-Edda
- har kunnskap om mytologiske element i eit utval av soger
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan kommentere og analysere Snorra-Edda i omsetjing
- kan setje desse tekstane inn i eit religionshistorisk perspektiv
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan setje seg inn i mytologiske strukturar allment
- har grunnleggjande kunnskapar om religionsvitskaplege metodar og arbeidsfelt
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan bli aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
1) Obligatorisk oppmøte på minst 75 % av den oppsette undervisninga.
2) Dersom studenten i samråd med faglærar legg opp eit anna pensum enn standardpensumet i emnet, må han levere og få godkjent pensumlista innan kunngjord frist.
Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Ein skriftleg skuleeksamen på 4 timar.
Studenten kan skrive på norsk, dansk, svensk, islandsk, engelsk eller tysk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Sjå digital litteraturliste; døme på pensum:
A. Primærlitteratur
1. Snorra-Edda
2. Soger i utval
B. Sekundærlitteratur
1. Ei brei framstilling av norrøn religion, t.d. Gro Steinsland, Norrøn religion. Myter, riter, samfunn, Oslo: Pax (2005) s. 11-392.
2. Eit utval på om lag 100 sider av artiklar eller bokkapittel som gjev eit utfyllande bilete eller kastar lys over grunntekstane i pensumet.
Instituttet gjev framlegg til fullt spesifisert pensumliste. Det er høve til å skifte ut delar av pensumlitteraturen i samråd med faglærar. I så tilfelle må kandidaten ta kontakt med faglærar så snart som råd og levere og få godkjend pensumlista innan oppgjeven frist.