Fjernord: Litteratur etter 1900
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- NOLI603
- Undervisningsspråk
- Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte i nokon grad.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet skal gje ei innføring i sentrale litterære tekstar i nordisk, særleg norsk, litteratur frå det 20. og det 21. hundreåret. Kunnskap om desse er vesentleg for norsklærarar, språk- og litteraturkonsulentar og andre som arbeider innanfor kulturell formidling og administrasjon i Noreg.
Studentane vil få eit solid litteraturhistorisk oversyn, der ein ser skjønnlitteraturen i samband med sosiale, kulturelle, idéhistoriske, mediale og biografiske tilhøve som er relevante for forståinga av den einskilde teksten. Studiet av litteraturhistoria skal skape refleksjon omkring kontinuitet og brot i kulturutviklinga og setje samtidskulturen inn i ei større historisk ramme.
Sentralt i emnet er ei systematisk innføring i dei skjønnlitterære hovudsjangrane lyrikk, epikk og dramatikk slik at studentane kan forstå teksten som estetisk uttrykk og utvikle eit teoretisk omgrepsapparat dei kan nytte i systematisk handsaming av tekstane.
Emnet skal ta opp sakprosa, særleg former for sakprosa som er nærskylde skjønnlitteraturen, som til dømes essay, talar og brev, og reflektere omkring skiljet mellom skjønnlitteratur og sakprosa.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om dei mest sentrale nordiske, særleg norske, forfattarskapa frå det 20. og 21. hundreåret
- kjenner den litteraturhistoriske plasseringa av pensumtekstane og kjenne til problem knytte til plasseringa
- har godt oversyn over sjangerteori og fagomgrep knytta til sjangerteorien
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for innhald, form og tematikk i den einskilde litterære pensumteksten
- kan drøfte teksten i ein relevant litteraturhistorisk og kulturhistorisk samanheng
- kan drøfte og problematisere ulike estetiske og ideologiske tilhøve ved den litteraturhistoriske utviklinga i tida etter 1900
- kan drøfte og problematisere dei litterære hovudsjangrane og skiljet mellom skjønnlitteratur og sakprosa med tekstar som døme
Generell kompetanse
Studenten
- kan analysere skjønnlitterære tekstar som ikkje er på pensum og plassere dei i ein litteraturhistorisk samanheng
- kan samanlikne ulike tekstar med omsyn til litteraturhistoriske og sjangermessige trekk
- kan drøfte samtidslitteratur i eit historisk perspektiv
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å levere to skriftlege arbeid.
Dei skriftlege arbeida må vere godkjende for at ein skal kunne gå opp til eksamen i emnet.
Eit av dei skriftlege arbeida skal skrivast på nynorsk, det andre på bokmål.
Godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldige i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.
Instituttet fastset nærare retningslinjer for dei obligatoriske arbeida.
Vurderingsformer
Digital munnleg eksamen.
Prøva blir halden på norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i undervisningssemesteret.