Arbeidsretta norskopplæring
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- NORAN605
- Undervisningsspråk
- Norsk. Dansk og svensk kan òg verte brukte.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet handlar om korleis ein best kan legge til rette for at arbeidslivsrelevant andrespråkslæring skjer både i klasserommet og på arbeidsplassen. Eit sentralt tema er kva sosiale faktorar som kan påverke mogelegheitene for læring og praktisering av språket på arbeidsplassen. Emnet gir også ei innføring i teori om språkbruk og kommunikasjon.
Emnet skal gi studentane grunnleggande forskingsbasert kunnskap om språkleg praksis, andrespråkslæring og -undervisning relevant for arbeidsplassen, med mål om at dei med denne kunnskapen kan bidra til at vaksne andrespråksinnlærarar får auka mogelegheiter til å delta aktivt i arbeids -og samfunnsliv.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:
Kunnskap
Studenten
- Har kunnskap om språkleg praksis på arbeidsplassen
- Har kunnskap om sosiale faktorar som kan påverke mogelegheiter for kommunikasjon og språklæring på arbeidsplassen
- Har innsikt i kva utfordringar vaksne andrespråksinnlærarar står overfor i møte med eit nytt språk i ein ny arbeidskultur
- Har innsikt i forskings- og utviklingsarbeid knytt til arbeidsretta språkopplæring
- Har kjennskap til lovverk, retningslinjer og språkpolitiske føringar for opplæringa av vaksne andrespråksinnlærarar i Noreg
Ferdigheiter
Studenten
- Kan identifisere kva som kjenneteiknar språkleg praksis på arbeidsplassen
- Kan identifisere språklege behov på arbeidsplassen
- Kan kritisk vurdere og utforme arbeidsretta språkundervisning og undervisningsmateriale
- Kan beskrive og drøfte andrespråksinnlærarar sine mogelegheiter for språkbruk og språklæring på arbeidsplassen
- Kan delta i kunnskapsbaserte diskusjonar om språkets rolle for arbeidsliv og integrering
Generell kompetanse
Studenten
- Har ein teoretisk og praktisk kunnskapsbasis om arbeidsretta norskopplæring
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane skal skrive ei oppgåve på omlag 1000 ord.
Faglærar godkjenner den obligatoriske oppgåva. Obligatorisk oppgåve må vere godkjend for at studenten skal få ta eksamen.
Godkjenning av obligatorisk undervisningsaktivitet er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.