Nordisk: Språkhistorie og talemål
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- NOSP105
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk. Svensk og dansk kan òg bli brukte.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Mål:
Emnet har som mål å gi studentane eit felles utgangspunkt for studiet av norsk som eit resultat av historisk utvikling og geografisk og sosial variasjon i moderne norsk. Emnet skal bidra med kunnskap som er naudsynt for norsklærarar, språkkonsulentar og andre som utøver yrke der gode norskspråklege kvalifikasjonar er eit krav.
Innhald:
Emnet har to hovudtema:
(1) norsk språkhistorie frå urnordisk til moderne norsk
(2) geografisk og sosial talemålsvariasjon med talemålsgrammatikk inkludert fonologi
Studiet av språkhistoria skal gi innsikt i språkutvikling generelt og framveksten av norsk spesielt, både dialektane og målformene bokmål og nynorsk. Det omfattar ein mindre del om norrøn grammatikk og lydlære som bakgrunn for å forstå dei seinare utviklingane.
Studiet av talemål skal gi oversyn over grammatisk (inkludert fonologisk), geografisk og sosial variasjon i talt norsk med vekt på å kunne beskrive og forklare både talemålets språksystem og språkleg variasjon i rom og tid.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har god kjennskap til relevant, språkvitskapleg fagterminologi, inkludert bruk av lydskrift
- har kunnskap om utviklinga av norske talemål frå urnordisk og fram til i dag
- har kjennskap til norrøn grammatikk og lydlære
- har kunnskap om utviklinga av skriftspråk og skriftkunne i Norge frå urnordisk og fram til i dag
- har kunnskap om variasjon i norske dialekter i eit grammatisk, geografisk og sosialt perspektiv
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke dei nemnde kunnskapane i praktiske oppgåver med språkleg materiale
- har gode allmenne og faglege skriveferdigheiter
Generell kompetanse
Studenten
- kan bruke relevant, språkvitskapleg fagterminologi, inkludert lydskrift
- kan gjennomføre avgrensa faglege oppgåver og formidle resultata skriftleg
- kan gjengi og referere dei viktigaste oversiktene og poenga frå undervisninga og pensum på ein sjølvstendig måte
- kan delta i kunnskapsbaserte diskusjonar om norsk språkhistorie og om variasjonen i talt norsk
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningsformene er (1) førelesingar og (2) oppgåveseminar der studentane arbeider med oppgåver i tilknyting til undervisningsstoffet.
Det er sterkt tilrådd at studentane møter til førelesingane og deltek på seminara.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei oppgåve på ca. 1000 ord. Det blir gitt tilbakemelding på oppgåva. Studenten skriv bokmål eller nynorsk etter eige val.
Ei oppgåve som ikkje tilfredsstiller faglege og språklege minimumskrav, må leverast på nytt. Ved andre gongs levering må minimumskrava vere tilfredsstilte for at den obligatoriske aktiviteten skal bli godkjend.
Vurderingsformer
På emnet nyttar ein skriftleg skuleeksamen på fire timar.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk. Studenten skriv bokmål eller nynorsk etter eige val.
I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensumet er på ca. 700 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av den emneansvarlege i samråd med andre vitskapleg tilsette i nordisk språk. Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli.
[Innan 2027: Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember for vårsemesteret og 1. juli for haustsemesteret.]