Periodonti + klinikk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet ODPERIO3 er læra om dei strukturane som omgjer tennene og fester dei i kjevane. Det er også læra om årsakene til, utvikling og behandling av sjukdommar i desse strukturane. Emnet har som mål å lære studenten om samanhengar mellom periodontal sjukdom og systemisk sjukdom. Dei vanlegaste sjukdommane er gingivitt (tannkjøttsbetennelse) og marginal periodontitt (tannfestesjukdom). Emnet skal lære studenten at førekomsten av desse sjukdommane i den vaksne befolkinga er betydeleg. Hos størstedelen av befolkinga kan sjukdommen behandles, men omlag 10 % utvekler ein meir alvorleg form som ofte fører til tanntap. Undervising i emnet skal formidle at årsaka til marginal periodontitt er akkumulering av bakteriar (biofilm) på tannoverflaten som i samspel med immunologiske faktorar, arv og miljø startar ein nedbrytningsprosess av periodontiet. Antall pasientar med tannimplantatar til erstatning for tapte tenner, er aukande. Ein tar opp at infeksjonar kan oppstå i støttevevet rundt implantata, at årsakene reknas å vere dei same som for gingivitt og periodontitt og at sjukdommar rundt tannimplantat ofte krevjer omfattande behandling.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten skal kunne greie ut om

  • fagets omgrepsapparat.
  • pre- og parakliniske disiplinar som inngår i studiet og som er relevante for faget periodonti.
  • dei periodontale sjukdommars etiologi og patogenese på eit makro- og mikroskopisk og molekylærbiologisk plan.
  • samspelet mellom generell helse, systemiske faktorer/-sjukdommar og periodontal sjukdom og korleis behandling av periodontal sjukdom gjennomføras hos pasientar med ulike generellmedisinske tilstandar.
  • periodontal sjukdoms epidemiologi og betydinga av periodontitt for befolkningas helse samt klassifikasjon av periodontal sjukdom.
  • periodontal diagnostikk, behandlingsplanlegging, førebygging, behandling og prognosevurdering.
  • bruk av antimikrobielle midlar ved periodontal terapi.
  • patogenese, diagnostikk, førebygging og behandling med dentale implantatar.
  • trygdereglar og økonomiske støtteordninger som angår periodontal behandling.

Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  • vise gode ferdigheiter i klinisk periodonti for å diagnostisere sjukdommane, greie ut om behovet for behandling, planleggje periodontal terapi og bedømme prognosen etter behandling.
  • kommunisere med pasientar om periodontale sjukdommars årsaksfaktorar og naturlege historie, og samstundes motivere og gjere pasientar bevisste på betre tannhelse samt instruere i naudsynte hjelpemiddel.
  • utføre supra- og subgingival depurasjon ved bruk av manuelle og maskinelle hjelpemiddel.
  • vise kliniske ferdigheiter i ikkje-kirurgisk behandling av milde og moderate formar for periodontal sjukdom.
  • diagnostisere, førebygge og behandle sjukdom i peri-implantat vev.
  • bedømme medisinske risikofaktorar ved periodontal behandling av pasientar med systemiske sjukdommar og tilstandar og kunne skilje ut kasus som bør overføras for behandling av spesialist.
  • vere kompetent til å evaluere utfallet av periodontal behandling, foreta risikovurderinger, leggje til rette for og gjennomføre periodontal vedlikehaldsbehandling.
  • kommunisere med spesialistar i periodonti og anna helsepersonell ved behandling av kompliserte kasus.

Generell kompetanse

Undervisinga skal bevisstgjere studenten si haldning til faget slik at ho/han som ferdig tannlege kan fungere kollegialt og til einkvar tid utføre forsvarleg behandling både i lys av fagets forskningsmessige utvikling og helsevesenet sine etiske reglar.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

5. og 6. semester
Krav til forkunnskaper
Gjennomført og bestått fjerde semester i studieprogrammet
Studiepoengsreduksjon
OD3PER-K3 8 studiepoeng
Krav til studierett
Integrert masterprogram i odontologi
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar, seminar, kliniske kasuspresentasjonar og klinisk undervising.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent klinisk kurs av OD3PERIO er eit krav for å gå opp til eksamen. Alle delar av undervisinga er obligatorisk med unntak av førelesingene.Studenten er ansvarleg for å melde om fråvær, og ugrunna fråvær er ikkje tillate.

I tillegg til krav om deltaking, må dei faglege krava vere oppfyllde, både når det gjeld kvalitet på arbeidet og tilstrekkeleg mengdetrening.

I dette emnet er obligatoriske aktivitetar gyldige i to semestre.

Det er ikkje høve til meir enn to gjennomføringar av obligatoriske aktivitetar i dette emnet.

Vurderingsformer
3 timers skriftleg eksamen
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
6. semester
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli for haustsemesteret.
Emneevaluering
Undervisinga blir evaluert i tråd med Uibs kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Det tillatas ingen hjelpemiddel.
Programansvarlig
Programutvalg for odontologiske fag
Emneansvarlig
Førsteamanuensis Dagmar Fosså Bunæs
Administrativt ansvarlig
Institutt for klinisk odontologi