Doing Time
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- PRO234
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Utfyllende semesteromtale
Fokusområde: Nye medium
Modulansvarleg: Luz María Sánchez Cardona
DOING TIME: Practices of Counter-Chronologies and Dissent
Dette er ein prosjektbasert emnet som undersøker tid både som eit konseptuelt og materiell felt for kunstnarisk utforsking. Gjennom praksisbaserte eksperiment, samtalar og situerte handlingar nærmar vi oss tid som eit politisk terreng forma av kunstnarlege og erkjenningsmessige praksisar for motstand og motkronologiar.
Emnet utforskar korleis handlingar som å skape, observere og skrive kan fungere som former for tidsleg undersøking, der vi tek i bruk dekoloniale og autoetnografiske perspektiv for å spore korleis vi plasserer oss sjølve i overlappande temporalitetar.
Emnet oppmodar til kunstnarlege tilnærmingar som utfordrar vedtekne forteljingar om korleis historia utfaldar seg, korleis framsteg vert målt, eller korleis samanbrot vert representerte – og stiller spørsmålet om kven som konstruerer og eig desse forteljingane innan ulike tidsrammer.
Mål og innhold
Dette er eit prosjektbasert emne med fokus på tid i relasjon til kunstnariske prosessar, der ein utforskar ein eller fleire perspektiv som treig tid, akselerert tid, ikkje-lineær tid, fanga tid, geologisk tid, osv. Det vert lagt vekt på moglegheitene for tidsrom og tidsignaturar i eit kunstverk; historia til dei materielle komponentane, prosessen med å skape det i kunstnaren sine hender, rytmen i sirkulasjonen og formidlinga, politikken i absorberinga inn i ein kulturell kontekst.
PRO-emna er utforma for å berike din kunstnarlege utvikling (som blir utforska i ART-emna) ved å aktivere ferdigheiter, koble faglege fellesskap og undersøke disiplinære avgrensingar. PRO-emnane gir deg moglegheit til å fokusere på eit spesifikt prosjekt tilknytt di eiga praksis innanfor ein kontekst gitt av emneansvarlige.
Læringsutbytte
Kunnskap:
- Utvikle medvit om relevante kjelder og praksisar
Ferdigheiter
- Utvikle nye ferdigheiter knytt til tidsorienterte prosessar i kunstverk
- Forbetre og utvide dine eigne ferdigheiter og metoder gjennom prosjektutvikling.
Generell kompetanse
- Identifisere dine eigne læringsbehov knytt til fagområda
- Utvikle og presentere nytt arbeid.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til studierett
Opptak til Bachelorprogrammet i kunst.
Det er satt eit tak på 15 studentar som kan ta dette emnet og tilsvarande emnet på MA-nivå. I enkelte tilfelle kan emnet ha lågare eller høgre opptakstall, dersom faglege, organisatoriske eller pedagogiske grunnar tilseier det. Dette vil gå tydeleg frem i utfyllande semesteromtale.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisnings- og læringsmetodar kan inkludere:
- Prosjektutvikling
- Individuell utforsking
- Gruppearbeid
- Førelesingar
- Presentasjonar
- Gruppediskusjonar
- Rettleiing
- Tilvist litteratur
- Skriveøvingar
- Verkstadbasert instruksjon
Sjå utfyllande semesteromtale for detaljar spesifikke for dette semesteret.
Vurderingsformer
Innlevering av kunstnarleg arbeid, enten fysisk eller digitalt. Emneansvarlig spesifiserer dette i starten av semesteret.
Vurderingskriterium:
Utforsking
Fagkunnskap
Eksperimentering
Realisering
Samarbeid og sjølvstendig arbeid