Dots and Loops

Masteremne

Emnebeskrivelse

Utfyllende semesteromtale

Utfyllande semesteromtale for komande semester vil bli publisert så snart som råd er.

Mål og innhold

Deette er eit prosjektbasert emne som utforskar merking, rytme, gjentaking og permutasjonar innanfor kunstnarisk praksis. Gjennom gruppearbeid og prosjektutvikling blir strategiar for to-dimensjonale, tre-dimensjonale, tidsbaserte og/eller skriftlege former aktivert.

PRO-emna er utforma for å berike din kunstnarlege utvikling (som blir utforska i ART-emna) ved å aktivere ferdigheiter, koble faglege fellesskap og undersøke disiplinære avgrensingar. PRO-emnane gir deg moglegheit til å fokusere på eit spesifikt prosjekt tilknytt di eiga praksis innanfor ein kontekst gitt av emneansvarlige.

Læringsutbytte

Kunnskap:

  • Utvikle bevisstheit om relevante kjelder og praksisar

Ferdigheiter

  • Utvikle tilnærmingar til gjentaking, syntax og serialitet, og undersøk korleis desse påverkar meininga.
  • Identifisere, søke ut og anvende relevante ferdigheiter i eit sjølvinitiert prosjekt

Generell kompetanse

  • Identifisere dine eigne læringsbehov knytt til fagområda
  • Anvende ny kunnskap og ferdigheiter i kunstpraksisen din
  • Løyse, realisere og presentere eit utstillingsbasert prosjekt.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningssted

Campus Møllendal 61.
Krav til forkunnskaper
Du kan ikkje undervisnings- eller vurderingsmeldast til dette emnet dersom du har bestått emnet PRO232.
Krav til studierett

Opptak til Masterprogrammet i kunst.

Det er satt eit tak på 15 studentar som kan ta dette emnet og tilsvarande emnet på MA-nivå. I enkelte tilfelle kan emnet ha lågare eller høgre opptakstall, dersom faglege, organisatoriske eller pedagogiske grunnar tilseier det. Dette vil gå tydeleg frem i utfyllande semesteromtale.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisnings- og læringsmetodar kan inkludere:

  • Prosjektutvikling
  • Individuell utforsking
  • Gruppearbeid
  • Førelesingar
  • Presentasjonar
  • Gruppediskusjonar
  • Rettleiing
  • Tilvist litteratur
  • Skriveøvingar
  • Verkstadbasert instruksjon

Sjå utfyllande semesteromtale for detaljar spesifikke for dette semesteret.

Vurderingsformer

Innlevering av kunstnarleg arbeid, enten fysisk eller digitalt. Emneansvarlig spesifiserer dette i starten av semesteret.

Vurderingskriterium:

Utforsking

Fagkunnskap

Eksperimentering

Realisering

Samarbeid og sjølvstendig arbeid

Karakterskala
Bestått / ikkje bestått.
Vurderingssemester
Vår.
Emneevaluering
Emnet evaluerast kvar tredje semester jf UiB sitt kvalitetssystem.