Vitskapsteori og kvalitativ metode i psykologi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Emnekode
- PRPSYK301D
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet gir ei integrert innføring i vitskapsfilosofien og kvalitative forskingsmetodar med særskilt vekt på psykologisk yrkesutøvelse. Det utforskar korleis kunnskap blir skapt, fortolka og nytta i psykologisk forsking og praksis.
Den vitskapsfilosofiske delen gir oversikt over sentrale tradisjonar og posisjonar som positivisme og post-positivisme, hermeneutikk, fenomenologi og sosial konstruktivisme. Denne delen drøftar korleis desse posisjonanene former forståinga av psykologisk kunnskap, menneskesyn og verdifundamentet i faget, både innen kvantitativ og kvalititativ forskning, og psykologisk praksis.
Den metodiske delen gir ei praktisk og analytisk innføring i kvalitative forskingsstrategiar og forskingsetikk. Studentane får erfaring med å gjennomføre og analysere kvalitative forskingsintervju, samt reflektere over forskarrolla, relasjonen mellom forskar og deltakar, og prinsipp for kvalitet og refleksivitet i kvalitativ forsking.
Eit gjennomgåande tema er forholdet mellom teoretisk og praktisk kunnskap innen psykologisk yrkesutøving, og korleis vitskapsfilosofiske perspektiv dannar grunnlag for metodiske val, forskingsdesign og etiske vurderingar.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten kan …
- gjere greie for sentrale vitskapsfilosofiske tradisjonar og relevansen deira for både kvalitativ og kvantitativ psykologisk forsking, og profesjonell psykologisk praksis
- gjere greie for ulike menneskesyn i psykologifaget og korleis desse påverkar forståinga av psykiske fenomen, forsking og behandlingspraksis
- forklare samanhengar mellom ontologiske og epistemologiske føresetnader og val av forskingsmetode, samt skillet mellom vitskap og det som ikkje er vitskap
- reflektere over den vitskapsfilosofiske eigenarten til psykologien i lys av historia, verdiane og samfunnsrolla til faget
- skildre sentrale kvalitative forskingsmetodar, både for innsamling og analysering av data, med særleg vekt på hermeneutisk-fenomenologisk, og refleksiv tematisk analyse, men også diskursanalyse
- gjere greie for kriterium for kvalitet, gyldigheit og etisk forsvarlegheit i kvalitativ forsking
Ferdigheiter Studenten kan …
- drøfte grunnlagsspørsmål i psykologifaget, og kombinere dette med en refleksjon over eget ståsted
- formulere kvalitative forskingsspørsmål og utforme forskingsdesign som er forankra i relevante vitskapsfilosofiske perspektiv
- planleggje, gjennomføre og analysere kvalitative intervju på ein etisk begrunna og refleksiv måte
- bruke og reflektere kritisk over metodiske verktøy for koding, fortolking og drøfting av kvalitativt datamateriale
- analysere og kritisere psykologisk teori og forsking ut frå vitskapsfilosofiske og metodologiske perspektiv
- presentere kvalitative funn og drøftingar i eit akademisk format
- beherske reflekterande og argumenterande akademisk skriving, inkludert APA-standard
Generell kompetanse Studenten kan …
- integrere vitskapsfilosofisk refleksjon i eigen forskingspraksis og psykologfaglege resonnement
- vurdere gyldigheita, grensene og kontekstavhengigheita til kunnskap i psykologisk forsking
- reflektere over forskarrolla, etiske dilemma og maktaspekt i kvalitative forskingsprosessar
- bidra til nytenking i psykologifaget ved å kople teori, metode og praksis i lys av ulike vitskapsfilosofiske perspektiv
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Minst 80 % deltaking i undervisninga før studenten kan gå opp til eksamen.
- Utkast til refleksjonsessay.
- Deltakelse på flervalgsprøve som besvares på papir (100% obligatorisk oppmøte).
Vurderingsformer
Mappevurdering som skal innehalde to element:
- Refleksjonsessay på 2000 ord +/- 20%
- Skriftleg arbeid tilknytt intervjuøving
Mappen må bestås i sin helhet.
Eksamenssvaret må vere på norsk.