Kognitiv- og utviklingspsykologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet skal gje studentane ei innføring i psykologiens kognitive og utviklingspsykologiske fundament. Emnet tek sikte mot å gje eit grunnlag til forståing av åtferd hos menneske og dyr med fokus på desse to fundamenta.

Kognitiv psykologi skal gje studenten ei generell innføring i teoriar om, perspektiv på, og metodar til å studere kognisjon. Studiet skal gje ein gjennomgang av sentrale funn og ein diskusjon av nokre viktige applikasjonar av kognitiv psykologi.

Utviklingspsykologi skal gje studenten ei vidare innføring i perspektiv, metodar og teoriar innan utviklingspsykologi. Det vert ein gjennomgang av sentrale teoriar og funn, samt ein diskusjon av viktige utfordringar i denne disiplinen.

Læringsutbytte

Kognitiv psykologi

Kunnskapar

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

  • Gjere greie for sentrale aspekt ved menneskleg persepsjon
  • Gjere greie for sentrale teoriar om oppmerksemd, og karakteristika ved delt og selektiv oppmerksemd
  • Gjere greie for teori om arbeidshukommelsens oppbygning og funksjon
  • Gjere greie for teoriar om langtidsminnets oppbygning og funksjon
  • Kjenne til ulike minnestrategiar
  • Gjere greie for karakteristika ved mentale bilete og kognitive kart
  • Gjere greie for omgrepa "skjema" og "skript" sine roller i kognitiv psykologi
  • Gjere greie for problemløsning, inkludert ulike problemløsningsstrategiar
  • Gjere greie for sentrale kjenneteikn ved menneskets resonnering og avgjerdstaking

Ferdigheiter

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

  • Demonstrere nokre sentrale eksperimentelle oppsett for å studere ulike delar av kognitiv psykologi
  • Diskutere nokre gjennomgåande tendensar i menneskeleg tenkning
  • Forklare korleis elementar frå kognitiv psykologi, som til dømes hugs, oppmerksemd og persepsjon, fungerer i samspel med kvarandre
  • Anvende kunnskap frå kognitiv psykologi til å planlegge effektiv studieteknikk
  • Drøfte den historiske utviklinga av kunnskap innanfor dei ulike områda i kognitiv psykologi

Generell kompetanse

Ved fullført emne skal kandidaten:

  • Ha opparbeidd ein grunnleggande kompetanse om dei ulike elementa som til saman utgjør kognisjon, og anvende kunnskap frå kognitiv psykologi til å forklare fenomen som involverer menneskeleg tenkning •

Utviklingspsykologi

Kunnskapar

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

  • Gjere greie for utviklingspsykologien sine historiske røter
  • Gjere greie for omgrepet utvikling og korleis utvikling kan påverkast av genetiske og miljømessige faktorar
  • Gjere greie for sentrale perspektiv innan fagfeltet, som til dømes læringspsykologi, økologisk systemteori og psykodynamiske perspektiv.
  • Gjere greie for teori og forskningsfunn innen ulike temaområde av utviklingspsykologien som til dømes tilknytning og emosjonell utvikling, kognitiv utvikling, intelligens, sinnet, moralutvikling, språkutvikling, sosial utvikling, og perseptuell og sensorisk motorisk utvikling.

Ferdigheiter

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

  • Demonstrere nokre sentrale eksperimentelle oppsett for å studera ulike perspektiv på utviklingspsykologi
  • Drøfte nokre sentrale tema knytt til mennesket si utvikling, som til dømes arv/miljø og kontinuitet/diskontinuitet
  • Diskutere korleis sentrale teoretikarar innan fagfeltet har ulike syn på utvikling
  • Forklare korleis utvikling på ulike område, som til dømes sosial, språklig og kognitiv, er relatert til og fungerer i samspel med kvarandre

Generell kompetanse

Ved fullført emne skal kandidaten:

  • Ha opparbeidd ein grunnleggjande kompetanse om dei ulike elementa som til saman utgjer fagfeltet utviklingspsykologi, og kunne anvende kunnskap frå fagfeltet til å forklare trekk psykologisk utvikling, særleg hos sped- og småbarn samt unge.

Studenten skal sjølvstendig, og uten hjelpemiddel, gjere greie for sentrale problemstillingar, kunnskapar og metoder innan kognitiv og utviklingspsykologi.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Universitetet i Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet krev studierett på bachelorprogrammet i spesialpedagogikk.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar i kognitiv psykologi 6 x 2 timar, totalt 12 timar. Førelesingar i utviklingspsykologi 6 x 2 timar, totalt 12 timar. Seminarundervisning i grupper 2 timar per veke i 6 veker, totalt 12 timar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer

4 timars skuleeksamen der ein skal svare på 2 av 4 essayoppgåver - 1 av 2 innanfor bolken kognitiv psykologi, og 1 av 2 innanfor bolken utviklingspsykologi.

Studentar kan svare på norsk og på engelsk.

Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.
Vurderingssemester
Vår og haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel tillatne (med unntak av ikke-leksikalsk ordbok).

Programansvarlig
Institutt for samfunnspsykologi
Emneansvarlig
Institutt for samfunnspsykologi
Administrativt ansvarlig
Det psykologiske fakultet