Kritisk refleksjon

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Dette emnet støttar utviklinga av den kritiske refleksjonskomponenten i masterprosjektet ditt. Ved å utforske skriveteknikkar og identifisere sentrale kjelder og forskingsspørsmål, arbeider du mot fullføringa av ei oversikt over den endelege teksten din. Bruken av sitat og biografisk informasjon er ein sentral aktivitet.

REF310 er knytt til masterprosjektet ditt og blir ytterlegare støtta av diskursen og teorien som finst i dei valfrie PRO-emnar.

REF-emnar er utforma for at du skal kunne plassere din egen praksis i relasjon til historie og teoriar om kunstpraksis. I emnet vil du trinnvis gå frå å forstå eit terreng til å kunne definere dette terrenget i relasjon til dine eigne kunstnariske aktivitetar. Profesjonell praksis er inkludert i emnets læringsutbytte og gjennom forståing av korleis skriving og ord-basert kommunikasjon blir nytta i yrkessamanheng.

Læringsutbyte

Kunnskap:

  • Djupne kontekstualiseringa av praksisen din innanfor eit nettverk av relevante praksisar, diskursar og felt
  • Identifisere preferansar i skrivestilar og tilnærmingar

Ferdigheiter

  • Nytte sitat og bibliografisk informasjon i ei skriven tekst
  • Skrive med klarheit og autoritet

Generell kompetanse

  • Utvikle din eigen skrivestil og stemme i forhold til kunstpraksisen din
  • Nytte medstudentar som publikum og som ein del av redigeringsprosessane
  • Utvikle ei oversikt over den kritiske refleksjonskomponenten i masterprosjektet ditt

Fulltid/deltid

Fulltid.

Undervisningssemester

Høst.

Undervisningsstad

Campus UiB.
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
Opptak til emnet krever studierett i Masterprogrammet i kunst.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisnings- og læringsmetodar kan inkludere:

  • Gruppeseminar
  • Lesing (i grupper og sjølvstyrt)
  • Skriving (sjølvstyrt og kollektiv)
  • Verkstader
  • Førelesningar
  • Bibliotekøkter
  • Læring gjennom medstudentane.
Vurderingsformer

Emnet brukar følgjande vurderingsformer: Skriftleg innlevering av skisse til kritisk refleksjon.

Vurderingskriterier:
Utforsking
Analyse
Eksperimentering
Kommunikasjon og presentasjon

Karakterskala
Bestått / ikkje bestått.
Emneevaluering
Emnet evalueres hvert tredje år.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk og design ved Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.