Religionar i oldtid, antikken og norrøn tid
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- RELV105
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet har som mål at studenten gjennom studiet skal tileigne seg eit oversyn over nokre av dei viktigaste religionane i Midtausten, Middelhavslanda og Norden i eldre tid. Studenten skal også tileigne seg ytterlegare kunnskap gjennom studiar av eit utval tekstar knytt til dei enkelte religionane.
Emnet gir ei innføring i Midtaustens og Middelhavsområdets eldste religionshistorie, irekna egyptisk og mesopotamisk religion, gresk og romersk religion, samt norrøn religion.
RELV105 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i religionsvitskap.
Trykk her for informasjon om tema som er gjeldande dette semesteret.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten
- har tileigna seg kunnskap om dei viktigaste religiøse institusjonane, førestellingane og rituala i mesopotamisk, egyptisk, gresk og romersk religion, samt norrøn førkristen religion.
- har blitt kjent med eit utval tekstar knytt til dei einskilde religionane.
- har kjennskap til dei viktigaste religionsvitskaplege problemstellingane knytt til studiet av desse religionane.
Ferdigheiter:
Studenten
- kan analysere fagstoff på norsk og engelsk om desse religionane og trekke eigne slutningar.
- kan søke etter, vurdere og gjere bruk av informasjon om desse religionane.
- kan tolke materiell kultur og ikonografi frå religionane.
- kan skrive ein resonnerande tekst innan dette fagfeltet.
- har evne til å presentere fagstoff og eigne tolkingar munnleg.
Generell kompetanse:
Studenten
- kan gjennom vidare studiar og arbeidsliv utvikle vidare dei kunnskapane, dugleikane og innsiktene som studiet har gitt.
- kan bringe vidare til andre informasjon og teoriar frå dette kunnskapsfeltet.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane skal til fastsett tid levere inn ei skriftleg oppgåve på Mitt UiB. Frist blir oppgitt på Mitt UiB. Oppgåva skal vere på inntil 1500 ord og studentane får to veker til å skrive oppgåva. Oppgåva er tett knytt til aktiviteten i gruppeundervisninga, men sistnemde er ikkje obligatorisk.
Obligatoriske undervisningsaktivitetar vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent.
Godkjenninga av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:
- Ei munnleg prøve.
Karakterskala
Vurderingssemester
Vår.
Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.
Litteraturliste
Pensumlitteraturen er på om lag 1200 sider.
Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.