Observasjon av val og menneskerettsbrot
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Haust, Vår
- Emnekode
- SAMPOL601
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Vidareutdanning i observasjon av val og menneskerettsbrot er eit undervisningstilbod innanfor fagområdet statsvitskap. Det skal gje grunnlag for praktisk arbeid som observatør i regi av norske og internasjonale organisasjonar. Studiet er på masternivå og omfattar ein teoretisk og ein praktisk del.
Studiet skal gje forståing og innsikt i dei moglegheitene og avgrensingane som er lagt på observatørrolla. Det blir lagt særleg vekt på korttids- og langtidsobservasjon, men også koordinering og koordinatorrolla i forbindelse med planlegging og styring av eit observasjonsoppdrag. Hovudvekta er på observasjon av val og brot på menneskerettane.
Studiet skal bidra til at deltakarane skal kunne tileigna seg kunnskapar om menneskerettane, observasjon av brot på desse og prinsippa for valavvikling i demokratiske system.
Kurset skal dyktiggjere kandidatane i å kunne delta i og/eller organisere eit observasjonsoppdrag i ein internasjonal kontekst. Deltakerane på kurset skal vidare gjere seg kjend med val og brot på menneskerettane.
Studiets oppbygging:
Pensum i faget søkjar å dekke følgjande hovudtema:
- Kva er menneskerettane?
- Menneskerettane og godt styresett (Good Governance), med særleg fokus på rettsoppgjer og sanningskommisjonar
Rolla som observatør, både av val og av brot på menneskerettane
- Valordningar og valfusk
Kampanjevurdering
- Validiteten til valobservasjon
- Lov og regulering av val
- Forholdet til media
Observatørrolla
- Etikk og åtferd
- Kultur og verdiar
- Metodiske og praktiske aspekt knytt til menneskerettsovervaking
- Globaliseringa av menneskerettane
- Teoretiske, metodiske og praktiske aspekt knytt til humanitær intervensjon
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har avansert kunnskap innanfor prinsippa for valavvikling i demokratiske system
- har inngåande kunnskap om menneskerettane si betyding i internasjonal politikk
- kan analysere prinsippa for valavvikling i demokratiske system
Ferdigheter
Studenten
- kan analysere dei moglegheiter og avgrensingar som er lagt på rolla som observatør av val og brot på menneskerettar, med særleg vekt på korttids- og langtidsobservasjon, men også koordinering og koordinatorrolla i forbindelse med planlegging og styring av eit observasjonsoppdrag.
Generell kompetanse
Studenten
- kan bruke relevante metodar fot praktisk observasjon av val og brot på menneskerettane
- kan gjennomføre og/eller organisera eit observasjonsoppdrag i ein internasjonal kontekst under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga finn stad over ein periode på 6 månader og er organisert i form av helgesamlingar.
Undervisninga er delt i ein teoretisk og ein praktisk del. Forma på undervisninga er førelesningar og seminar. Den praktiske delen blir i hovudsak gitt i form av rollespel.
Totalt 42 timer.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Eksamen er ein skriftleg eksamen i form av ein heimeeksamen. Innleveringsfrist er ein månad/4 veke og innleveringa bør ikkje overskride 4500 ord.
Til eksamen blir det lagt vekt på å vurdere kandidatens kunnskapar om menneskerettar og valobservasjon på den eine sida, og den metodiske planlegginga og gjennomføringa av ein observasjon av val og brot på menneskerettar på den andre sida.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Vår
Det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.
Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar med følgjande resultat/fravær og melde seg:
- Avbrot under eksamen
- Stryk/ikkje bestått
Studentar kan etter 15. januar/1. august melde seg opp sjølv i studentweb.