European Security Transformation
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- SAMPOL612
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk og norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Tryggingspolitiske utfordringar i Europa har vorte meir komplekse og krevjande. Vi lever i ei tid prega av auka spenningar mellom stormakter, demokratiske kriser og ein veksande autoritær trend, sjølv i vestlege demokrati. Desse endringane fører til eit aukande behov for betre forståing av korleis europeiske aktørar og institusjonar taklar kriser og truslar.
I dette emnet ønskjer vi å gi studentane verktøya dei treng for å forstå og analysera dei dynamikkane som formar Europas framtid, og for å bidra til å løysa dei utfordringane samfunnet står overfor. Målet er å gi studentane innsikt i Europas strategiske val for å sikra stabilitet og tryggleik, spesielt i møte med aukande rivalisering mellom stormakter, krigar i nærområda og dei mange andre tryggingsutfordringane vi står overfor. Undervisninga kombinerer teoretisk rammeverk med praktisk erfaring frå leiande aktørar på området.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten...
- har inngåande kunnskap om teoriar knytt til stat, demokrati, europeisk integrasjon og tryggingssamarbeid.
Ferdigheiter
Studenten...
- kan analysera europeiske tryggingsutfordringar gjennom å visa til empiriske, samanliknande studium i europeiske land og nærliggjande område som Nord-Afrika og Russland, og arbeida sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing.
Generell kompetanse
Studenten...
- kan analysera og forhalda seg kritisk til korleis det internasjonale samfunnet og overnasjonale organisasjonar kan bidra til å utvikla demokrati og tryggleik i ein stadig meir kompleks verda.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Eksamen er å skrive ein heimeeksamen på inntil 4500 ord. Eksamen blir publisert fire veker før innleveringsfristen.
Eksamensoppgåva blir gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Høst
Studenter med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskrifta ved UiB kan søke om utsatt innleveringsfrist. Søknaden må sendes til studieveileder.isp@uib.no innen innleveringsfristen. Det gis maksimalt 14 dager utsatt frist.