Tverrfaglege perspektiv på berekraft

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Målet med emnet er å gi studentane eit tverrfagleg grunnlag for å arbeide med berekraftsutfordringar som "wicked", komplekse og djupt usikre samfunnsspørsmål i ei uroleg og raskt skiftande verd. Emnet introduserer sentrale omgrep for å forstå korleis berekraftsutfordringar blir forma av motstridande verdiar, ulike kunnskapsformer, maktrelasjonar og emosjonelt engasjement. Studentane i emnet kjem frå ulike fagdisiplinar og vel ei av følgjande spesialiseringar: (i) marin berekraft, (ii) klimaendringar og energiomstilling eller (iii) globale samfunnsutfordringar. Dette mangfaldet utgjer ein viktig ressurs i læringsprosessen, samstundes som det krev openheit og vilje til å utforske ulike perspektiv og førestellingar.

Som obligatorisk emne i masterprogrammet i berekraft, utviklar SDG309 studentane si evne til å engasjere seg i arbeid med kompleksitet, ubestembarheit (indeterminacy) og usemje, og til å nærme seg berekraftsutfordringar under forhold der tryggleik, kontroll og eintydige løysingar ikkje finst.

Kjernestoff i SDG309:

1. Berekraftsutfordringar: Emnet gir ei oversikt over viktige berekraftsutfordringar, med vekt på klimaendringar og energiomstilling; marin berekraft; og globale samfunnsutfordringar.

2. Berekraft, verdiar og situert kunnskap:Emnet introduserer berekraft som eit omstridt og situert omgrep, forma av konkurrerande verdiar, normative føresetnader og maktrelasjonar, så vel som moralsk og emosjonelt engasjement. Særleg merksemd blir retta mot korleis berekraftsutfordringar blir erfarte og handterte som levde problem, der kunnskap, verdiar og identitetar er tett samanvovne.

3. "Wicked problems", kompleksitet og ubestembarheit (indeterminancy): Berekraftsutfordringar blir analyserte som «wicked problems», kjenneteikna av kompleksitet, uvisse, ikkje-lineære prosessar og ubestembarheit (indeterminancy).

4. Kunnskapsformer og tverrfagleg arbeid i praksis: Studentane lærer korleis ulike kunnskapsformer bidreg til å forstå og handtere berekraftsutfordringar. Dei utforskar disiplinære, tverrfaglege og transdisiplinære tilnærmingar, med merksemd på ulike standardar for bevis, kvalitet og gyldigheit.

5. Vitskap, ekspertise og styring:Studentane reflekterer over og analyserer kritisk rolla til vitskap og ekspertise i berekraftrelaterte avgjerdsprosessar og styring. Tema omfattar forholdet mellom vitskap og politikk i komplekse og usikre spørsmål, samskaping av kunnskap, legitimitet og tillit, samt ansvar og avgrensingar for ekspertise under uvisse og konflikt.

6. Case-baserte tverrfaglege arbeidsformer: Gjennom heile emnet arbeider studentane i tverrfaglege grupper med konkrete berekraftsutfordringar. I dette arbeidet brukar dei teoretiske perspektiv på empirisk materiale, arbeider med relevante aktørar og reflekterer over samarbeid, problemformuleringar og korleis ulike kunnskapsformer, verdiar og emosjonar påverkar forståing og løysingar.

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter at emne er fullført skal studenten

  • ha oversikt over sentrale berekraftsutfordringar, særleg kunnskap om klimaendringar og energiomstilling, marin berekraft og globale samfunnsutfordringar;
  • ha kunnskap om berekraft som eit omstridt og situert omgrep, forma av motstridande verdiar, maktrelasjonar og normative føresetnader;
  • kjenne til og forstå omgrep og teoriar som gjer det mogleg å analysere berekraftsutfordringar som wicked problems (inkludert kompleksitet, ubestembarheit (indeterminancy), uvisse og usemje);
  • ha kunnskap om ulike kunnskapsformer, inkludert rollene, avgrensingane og samhandlinga deira i tverrfaglege og transdisiplinære berekraftskontekstar;
  • forstå rolla til vitskap og ekspertise i berekraftstyring, inkludert samspel mellom vitskap og politikk og prosessar for samskaping av kunnskap;
  • forstå korleis kunnskap, verdiar og kjensler er samanvevde i presentasjon og engasjement for berekraftsutfordringar

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan analysere konkrete berekraftsutfordringar ved hjelp av relevante teoretiske perspektiv knytte til "wicked problems", grensearbeid og grenseobjekt, kompleksitet, uvisse, fåkunne og ubestembarheit (indeterminancy)
  • kan samarbeide i tverrfaglege grupper og forhandle mellom ulike problemforståingar, kunnskapsformer og kvalitetsstandardar;
  • kan kritisk vurdere styrkar og avgrensingar ved ulike typar kunnskap (inkludert si eiga) i berekraftskontekstar;
  • kan reflektere over eigen posisjon, eigne føresetnader og eigne kunnskapsformer når dei jobbar med berekraftsutfordringar;
  • kan arbeide analytisk med uvisse, ubestembarheit (indeterminancy) og dei emosjonelle dimensjonane ved berekraft;
  • kan demonstrere kunnskapane sine og evna til å utføre kritiske analysar både skriftleg og munnleg.

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan forstå og formidle komplekse berekraftsutfordringar både munnleg og skriftleg;
  • kan plassere eigne kunnskapsformer i tverrfaglege og omstridde berekraftskontekstar;
  • kan nærme seg berekraftsutfordringar på ein reflektert, kritisk og kreativ måte.

Studiepoeng, omfang

20

Studienivå (studiesyklus)

Master
Krav til forkunnskaper
Bachelorgrad eller tilsvarande, med ei særskild kompetanse som tilsvarar eitt og eit halvt års studium (80 studiepoeng) innan eit fagfelt eller ei spesialisering som er relevant for programmet.
Studiepoengsreduksjon

SDG310: 15 studiepoeng

SDG311: 5 studiepoeng

Krav til studierett
Emnet er ope for studentar som er tekne opp til masterprogrammet i berekraft ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisinga i SDG309 er svært interaktiv og engasjerer studentane aktivt i komplekse og omstridde berekraftsutfordringar. Undervisingsformene er:

  • Førelesingar: Førelesingane i SDG309 er studentaktive og kan innehalde plenumsdiskusjonar og gruppediskusjonar, førebudde studentpresentasjonar, samt «real time»-quizar og testar.
  • Seminar og verkstader, òg med dei same studentaktive elementa som førelesingane.
  • Case-basert tverrfagleg gruppearbeid knytt til konkrete berekraftscase. Gjennom dette arbeidet nyttar studentane teoretiske omgrep på reelle utfordringar, arbeider med empirisk materiale og reflekterer over problemformuleringar, uvisse, kunnskapsformer, verdiar og kjensler i praksis.
  • Nettbaserte øvingar, inkludert individuell og felles skriftleg refleksjon gjennom loggar, samt spørsmål og quizar i det digitale læringsrommet til emnet.
  • Avhengig av tilhøva (vêr, finansiering, timeplan) kan emnet òg innehalde praktiske og/eller kreative element som uteaktivitetar og kreative øvingar (t.d. teaterøvingar, kunst eller podkastar).
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Følgande obligatoriske undervisingsaktivitetar må vere gjennomførte og godkjende for at studenten skal kunne ta eksamen i emnet. Aktivitetane blir vurderte som godkjent / ikkje godkjent.

Individuelle refleksjonsnotat: To individuelle munnlege og/eller skriftlege refleksjonsoppgåver skal leverast i løpet av semesteret. Refleksjonane skal ta for seg læringsprosessar, arbeid med casestudium eller ei relevant berekraftsutfordring.

Fagleg semesteroppgåve (research project term paper):Ei individuell, forskingsretta semesteroppgåve knytt til ei sjølvvalt berekraftsrelatert problemstilling. I oppgåva skal til studentane utforske ei mogleg retning for masteroppgåva si gjennom å arbeide med omgrep og litteratur frå emnet, og ved å reflektere over problemstilling, uvisse og relevante kunnskapsformer.

Vurderingsformer

For å kunne gå opp til eksamen må alle obligatoriske undervisingsaktivitetar vere gjennomførte og godkjende.

Emnet SDG309 blir vurdert gjennom ei eksamensordning som består av to delar. Begge delar blir vurderte etter karakterskalaen A-F.

Eksamen består av følgjande komponentar:

Munnleg slutteksamen (50 %). Ein individuell munnleg eksamen som dekkjer heilskapen i emnet. Eksamen vurderer studentane si evne til å arbeide kritisk, analytisk og refleksivt med sentrale omgrep, teoriar og empirisk materiale knytt til tverrfaglege berekraftsutfordringar.

Mappevurdering (50 %). Mappa består av eit utval arbeid som er produsert gjennom semesteret. Ho kan innehalde:

  • Quizar knytte til emneinnhald frå dei ulike spesialiseringane
  • Individuelle eller gruppebaserte presentasjonar av det tverrfaglege casestudiearbeidet
  • Ei konseptuell semesteroppgåve, der studentane utforskar ei berekraftsproblemstilling ved å bruke relevante omgrep og litteratur frå emnet

Den eksakte samansetjinga av mappa kan variere frå år til år.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Haust. Det vil også vere mogleg å gå opp til eksamen i vårsemesteret for studentar som har fullført den obligatoriske undervisingsaktiviteten.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere tilgjengeleg frå 1. juli.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarlig
Programstyret for master i berekraft er ansvarleg for det faglege innhaldet og strukturen til studieprogrammet, og for alle emna som inngår i studieprogrammet.
Emneansvarlig
Programstyret for master i berekraft
Administrativt ansvarlig
Senter for vitskapsteori (SVT)