Systemtenking og modellering for berekraft

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Systemtenking er ein tilnærming som ser på problem som delar av eit større, samanvevd system - heller enn som isolerte enkeltdelar. Det hjelper oss å forstå korleis ulike delar av samfunnet, miljøet og økonomien verkar saman, frå lokale til globale nivå. Denne typen tenking er viktig for å identifisere kvar endring er mogleg, for å føreseie framtidige utviklingar, og for å støtte langsiktige omstillingar. Det handlar om å kjenne att viktige komponentar og mønster i eit system, og å bruke ulike verktøy - både kvalitative og kvantitative - for å utforske korleis desse delane verkar saman over tid.

Systemtenking er grunnlaget for modellering med systemdynamikk, som hjelper oss å forstå og handtere komplekse berekraftsutfordringar. Ved å forenkle og abstrahere situasjonar frå verkelegheita, gjer systemtenking og systemdynamikkmodellering det mogleg å sjå korleis ulike delar av eit system påverkar kvarandre, og korleis vala våre kan påverke systemet over tid. Dette emnet introduserer grunnleggjande teori, verktøy og teknikkar innan systemtenking og systemdynamikkmodellering, og nyttar case frå verkelegheita for å utforske store berekraftsutfordringar. Studentane vil lære å bruke desse tilnærmingane for å forstå komplekse system betre, og for å finne meiningsfulle måtar å møte utfordringane på.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • kan bruke og gjere kritisk reie for systemtenkingsverktøy
  • kan utføre systemdynamiske modelleringsprosessar frå definering av problem til policy-analyse

Ferdigheiter

Studenten

  • kan kritisk vurdere ulike tilnærmingar til systemtenking og modellering
  • kan bruke forskjellege scenario rammeverk for å skildre både eksisterande og moglege framtidige systemkonfigurasjonar og utfall
  • kan nytte multi-kriterie analyse på utfordringar knytte til berekraftig utvikling

Generell kompetanse

Emnet har eit sterkt fokus på å utvikle kommunikasjon- og samarbeidsevner, og særleg følgjande generelle kompetanse:

  • tenkje og reflektere kritisk
  • løyse (autentiske) problem i tverrfaglege grupper
  • presentere eige arbeid, både individuelt og i grupper
  • kommentere på andre sitt arbeid, samt respondere på kommentarar på eige arbeid

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Bachelorgrad eller tilsvarande som inkluderer ei spesialisering innan eit fagområde relevant for programmet av eit omfang på minimum eitt og eit halvt års studium (80 studiepoeng).
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med opptak til masterprogrammet i berekraft ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisinga vil skje som forelesingar, spel, seminar, prosjektarbeid, og som studentleia læring.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å fullføre fem oppgåver gitt av undervisarane i undervisningsperioden.
Vurderingsformer

Mappevurdering.

Mappa skal bestå av

  1. Ein prosjektrapport som skal telje 70 % av den samla karakteren. Prosjektrapporten skal dokumenterer prosessen og utfallet av ein modelleringsprosess.

Du vil få følgjande "case"-oppgåve knytt til modelleringsprosjektet:

1. Eit problem som du må forklare ved hjelp av systemdynamiske modellar og systemtenkjingsverktøy

2. Du vil få instruksjonar for korleis du skal byggje ein simulasjonsmodell

3. Nokre spørsmål som skal svarast på

Sjølve rapporten skal vere på opp til 10 sider (utan vedlegg). I tillegg skal du lage ein ei-sides samanfatning av analysen din.

2. Eit videoklipp med presentasjon av hovudfunna til prosjektet. Presentasjonen skal telje 30 % av den samla karakteren.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vert tilgjengeleg innan 1. desember.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Det humanistiske fakultet ved Senter for vitskapsteori har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Administrativt ansvarlig
The Center for the study of the sciences and humanities (Senter for vitskapstori, SVT) is administratively responsible for the program.