Det norske samfunn i endring
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- SOS123
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Med framveksten av det moderne Noreg vart tidlegare former for makt og ulikskap dels endra og dels vidareførte. Med hovudvekt på Noreg gjev dette emnet ei innføring i korleis slike prosessar kan analyserast, og korleis sentrale maktstrukturar og institusjonar i dagens samfunn heng saman med, og formar aktørar sine livssjansar og livsløp.
Gjennom å sjå dette i relasjon til sosiale institusjonar og områder som utdanning, velferd, økonomi, arbeidsmarknader og arbeidslivsrelasjonar, migrasjon, sosiale nettverk og sosial mobilitet, og gjennom å knytte dette til analytiske storleikar som kjønn, klasse, etnisitet og alder, vil emnet gje ei innføring i korleis sentrale former for makt og ulikskap har utvikla seg over tid i det norske samfunnet, og kva former for makt og ulikskap som er dominerande i det norske samfunnet av i dag. Kurset vil vektlegge både klassiske og nyare analysar av desse problemstillingane.
Kurset vil også ta føre seg korleis det som gjerne vert kalla «Den norske modellen» skil seg frå andre måtar å organisere økonomiske relasjonar, arbeidslivrelasjonar og velferdsordningar på. Likeeins vil utfordringar og endringar som følgje av internasjonaliserings- og globaliseringsprosessar bli drøfta.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan
- gjere greie for dei mest grunnleggande omgrepsfestingane av makt og ulikskap
- gjere bruke av desse og andre sosiologiske nøkkelomgrep i utgreiing av:
- sentrale institusjonar, strukturar og prosessar i det norske samfunnet, som td.
- utdanning
- arbeid, arbeidsmarknader og arbeidslivsrelasjonar
- økonomi
- migrasjon,
- sosiale nettverk
- intragenerasjonell og intergenerasjonell sosial mobilitet
- livsløp
- velferdsstaten
- «Den norske modellen», og på kva måtar denne både liknar på, men også skil seg frå andre måtar å organisere sentrale sosiale relasjonar.
Ferdigheiter
Studenten kan
- skilje mellom, og drøfte ulike former for makt i det norske samfunnet
- skilje mellom, gjere greie for og drøfte ulike former for ulikskap i det norske samfunnet
- analysere og drøfte ulike sosiale prosessar, strukturar og utviklingstrekk med vekt på desse dimensjonane
- ha kjennskap til sentrale sosiologiske arbeid og forskingstradisjonar på desse felta
- kunne gjere bruk av generelle sosiologiske omgrep og teoriar om for å drøfte utviklingstrekk ved den norske samfunnsformasjonen
- finne og anvende faglitteratur og anna kjeldegrunnlag for drøfting av ei oppgitt problemstilling
- anvende kjelder på korrekt måte i skriftlig framstilling
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei innleveringsoppgåve på 2000 ord (+/- 10%, ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg) som skal vere godkjend før studenten kan gå opp til eksamen i emnet.
Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle semesteret samt det påfølgande semestret.
Vurderingsformer
4 timars skuleeksamen.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.
Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB.
Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:
- Legeattest/gyldig fravær
- Avbrudd under eksamen
- Stryk/ikke bestått
Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 15. januar melde deg opp sjølv i Studentweb.