Ungdomssosiologi: Teoretiske perspektiver og aktuelle debatter
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- SOS139
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
SOS139 er eit fordjupingsemne. Målet med emnet er at studentane skal bli kjende med sentrale teoritradisjonar, problemstillingar og faglege diskusjonar innan ungdomssosiologi nasjonalt og internasjonalt.
Emnet gir ei fagleg innføring i teoretiske perspektiv, teoritradisjonar og aktuelle samfunnsdebattar knytte til ungdom. Undervisninga startar med ei drøfting av ungdomsomgrepet, og held fram med klassiske og moderne teoretiske tilnærmingar. Desse perspektiva blir relaterte til ungdoms livsløp og temporalitet, og belyser korleis ungdom blir forstått i ulike sosiale og historiske kontekstar.
Med dette som grunnlag blir det vidare tematisert sentrale problemstillingar som ungdom og ulikskap, utdanning, arbeid, familie, livsstil og ungdomskultur, samt media, helse og trivsel, ungdomskriminalitet og ungdomspolitikk.
Emnet gir studentane eit solid fagleg grunnlag for vidare fordjuping og val av tema til bacheloroppgåva.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan...
- gjere greie for teoretiske tradisjonar, problemstillingar og faglege debattar knytte til sentrale ungdomssosiologiske perspektiv, samt aktuelle diskusjonar både nasjonalt og internasjonalt.
- gjere greie for kvifor det er viktig å studere ungdom, kva som ligg i omgrepet ungdom, korleis konseptet har utvikla seg historisk, og kva samfunnsmessige føringar som har påverka både tidlegare og notidige forståingar av ungdom.
- forstå og drøfte prosessar knytte til ungdoms erfaringar med samfunnet, korleis desse erfaringane blir fortolka, og kva former for handling dei gir opphav til i overgangen frå ungdom til vaksenliv.
Ferdigheiter
Studenten kan...
- nyttiggjere seg teori og forskingslitteratur innan ungdomssosiologi for å drøfte konkrete problemstillingar skriftleg.
- bruke sosiologisk teori til å analysere samtidige samfunnsutfordringar som rører ved ungdom, og kritisk vurdere ungdomspolitikk i Noreg.
- tileigne seg og vurdere forskingslitteratur om aktuelle tema innan ungdomssosiologi.
Generell kompetanse
Studenten kan...
- setje seg inn i forskingslitteratur, teoriar og perspektiv innan ungdomsforsking.
- nyttiggjere seg sosiologiske perspektiv og omgrep knytte til ungdom for å drøfte aktuelle problemstillingar.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Vår
Emnet tilbys ikkje hvert år
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk innlevering av oppgåve (2000 ord ± 10 %, ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg). Oppgåva må vere godkjend før studenten kan framstille seg til eksamen i emnet.
Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle semesteret samt det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
4 timar skuleeksamen.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnet sitt undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær i samsvar med UiBs studieforskrift § 5-5.
Dersom det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan følgjande grupper melde seg opp:
- Studentar som har avbrote eksamen
- Studentar som har fått karakteren ikkje bestått
Studentar kan etter 1. august sjølv melde seg opp til kontinuasjonseksamen via Studentweb.