Spansk kulturkunnskap

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Studiet skal gi studentane oversyn over hovuddraga i spansk historie og spanske samfunnstilhøve frå det 20. hundreåret.

Læringsutbytte

Studentane vinn innsyn i sentrale tema og problemstillingar innan fagområdet spansk historie, kultur og tradisjonar. Vidare skal studentane analysera fagstoff og trekka eigne slutningar. Dei skal kunna vidareutvikla sin kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv.

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Siste semester med undervisning er våren 2027.

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
SPLA106 legg til grunn spanskkunnskapar som svarar til fullført SPLA101 eller SPLA103.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for SPLA106 redusert med 5 studiepoeng om det blir kombinert med SPLA106H.
Krav til studierett
Emnet er berre ope for studentar som er tekne opp til Integrert Lektorutdanning ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Det blir normalt undervist i sentrale delar av pensum. I tillegg til oversynsførelesingane, blir det undervist i historisk terminologi og tekstforståing. Særleg er det lagt vekt på kulturforståing gjennom analyse av utvalte tema. Totalt blir det gitt førelesingar 2 timar i veka i 4 veker.

Er det svært få studentar, blir undervisninga gitt i form av rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Vurderingsforma er ein 2-timars skoleeksamen med kortsvarsoppgåver som blir skriven på spansk. Karakteren blir sett på grunnlag av både innhald og språk.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret.

Siste semester med vurdering er høsten 2027.

Litteraturliste
Pensum (om lag 200 s.) inkluderer eit oversynsverk og eit lite utval kjeldetekstar.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Studentane kan nytta eittspråkleg og tospråkleg (t.d. norsk-spansk/spansk-norsk) ordbok godkjend av instituttet på eksamen. Studentane må sjølve ta med ordbøker til eksamen, og halda seg orienterte om og retta seg etter reglane som gjeld for kontroll av ordbøkene.
Programansvarlig
Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Programstyret for spansk språk og latinamerikastudium.
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.