Fordjuping i latinamerikansk litteratur og kultur (nett)

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

SPLA648 er eit fordjupingsemne i latinamerikansk litteratur på 10 studiepoeng. Tema for undervisninga vil variera frå semester til semester.

Studietilbodet skal leggja til rette for fordjuping i eit tema frå latinamerikansk litteratur, t.d. ein periode, ein sjanger, eit tema, ein nasjonallitteratur eller liknande.

Studentane skal ha brei generell kunnskap innanfor fagfeltet, og djupare kunnskapar innanfor eit avgrensa område. Dei skal arbeida sjølvstendig med faglege problemstillingar og halda fram eiga kompetanseutvikling og spesialisering.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

  • har solid kunnskap om eit tematisk avgrensa emne innan spanskamerikansk litteratur
  • har større innsyn i kontekstuelle samanhengar, litterært og kulturelt

Ferdigheiter:

Studenten

  • har utvikla evne til å bruka relevante analyseverktøy for å tolka ulike problemstillingar som gjeld spanskamerikansk litteratur
  • har vidareutvikla den språklege kompetansen, særleg med omsyn til å gjera greie for litterære, kulturelle og fagleg meir komplekse spørsmål

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan analysera fagstoff og trekkja eigne slutningar.
  • kan vidareutvikla kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv.
  • har kompetanse til å halda fram med eit masterprogram i spansk og latinamerikastudium (etter også å ha fullført andre obligatoriske og/eller valfrie fordjupingsemne).

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Nett

Krav til forkunnskaper

Ingen formelle krav, men all undervisning skjer på spansk og baserer seg på fagkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå i spansk språk og latinamerikastudium.

Anbefalte forkunnskaper

SPLA648 legg til grunn spanskkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå i Spansk språk og latinamerikastudium. Undervisninga byggjer vidare på SPLA108/628 og SPLA118/638.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoengutteljinga for SPLA648 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med SPLA202, SPLA208, SPLA252, SPLA258, SPLA658 eller med SLAN641.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med opptak gjennom UiB Videre.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er organisert som førelesingar/seminar, og går over åtte til ti veker med fire undervisningstimar i veka. Undervisninga fell saman med undervisninga for SPLA658. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 70 % av undervisninga for å få gå opp til vurdering i emnet.

Det er to obligatoriske oppgåver: ein individuell tekstkommentar og ein tekstkommentar som skal gjennomførast i samarbeid mellom to eller tre studentar. Begge oppgåvene er på ca. 350 ord og må utførast innan fristen for desse aktivitetane. Oppgåvene må vere godkjend før ein kan gå opp til endeleg vurdering i emnet. I samsvar med Forskrift om studium for UiB har studentane høve til å få eit nytt forsøk per oppgåve, om ei eller fleire av dei ikkje vart godkjende ved fyrste innlevering.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Vurderingsforma er ein 4-timars skuleeksamen som vert skriven på spansk. Karakteren vert sett på grunnlag av både innhald og språk. Eksamen finn stad i Bergen.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum (om lag 600 sider) skal innehalda utvalde skjønnlitterære verk og tekstar, og litteraturvitskaplege og historiske artiklar knytte til desse.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Studentane kan nytta eitt-språkleg og to-språkleg (t.d. norsk-spansk/spansk-norsk) ordbok på eksamensdagen. Studentane må sjølve ta med ordbøker til eksamen, og halda seg orienterte om og retta seg etter reglane som gjeld for kontroll av ordbøkene.

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarlig

Programstyret for spansk språk og latinamerikastudium.

Administrativt ansvarlig

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.