Teatervitskap: Dramaturgisk fordjuping

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet inneheld fordjuping i historiske, teoretiske og analytiske perspektiv og formidlingsmessige aspekt i dramaturgi.

Det kan variere frå semester til semester kva for eit fokus innanfor dramaturgi som vert handsama i undervisinga (for eksempel dramaturgiske perspektiv på dramatikk, regi, scenografi skodespelarkunst, konseptutvikling og formidlingsperspektiv) og kva for undervisningsformer og øvingsoppgåver som inngår i undervisninga.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten

  • djuptgåande kunnskap om område innanfor dramaturgi
  • gode kunnskapar om teoridanning i relasjon til dramaturgi

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten

  • formulere seg klart og reflektert om dramaturgisk analyse
  • greie ut teoretisk og historisk om dramaturgi
  • nytte dramaturgisk kunnskap til analyse av scenekunstverk og dramatikk

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten

  • drøfte teoretiske og analytiske problemstillingar innanfor dramaturgi
  • bidra kritisk til dramaturgiforståinga innanfor teatervitskap

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningssted

Bergen.
Krav til forkunnskaper
Ingen.
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved masterprogrammet i teatervitskap.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert gitt i form av forelesingar og seminar med studentinnlegg
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane må møte på minst 75% av undervisninga.
Vurderingsformer

Semesteroppgåve med sjølvvalt tema (om lag 6000 ord).

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
A - F
Vurderingssemester
Vår. Det er óg vurdering tidleg i påfølgande semester for studentar med gyldig godkjenning av obligatorisk aktivitet.
Litteraturliste
Pensum er på omlag 1000 sider innan eitt eller fleire av dei systematiske områda skodespelarkunst, regi, scenografi og dramaturgi.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant
Programansvarlig
Programstyret for teatervitskap
Emneansvarlig
Fagmiljøet i teatervitskap
Administrativt ansvarlig
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium