Teatervitskap: Seminarinnlegg innafor eit sjølvvalt område
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Haust, Vår
- Emnekode
- TEAT311
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
I emnet skal studenten førebu og gi ein munnleg presentasjon. Presentasjonen varar i 30 minutt, og blir etterfølgt av ein samtale på 15 minutt.
Emnet for den munnlege presentasjonen kan vere av teaterhistorisk, analytisk, teoretisk eller teaterpolitisk karakter. Presentasjonen skal vere fokusert på ei metodisk eller tematisk problemstilling innanfor det valde temaområdet.
Som grunnlag for presentasjonen skal studenten i samråd med rettleiar utvikle og få godkjent ein synopsis på om lag 1000 ord og ei litteraturliste før gjennomføring av eksamen.
Synopsisen skal innehalde problemformulering, grunngjeving for anvend material, teori og metode, og dessutan disposisjon for den munnlege presentasjonen.
Den munnlege presentasjonen skal følgast av ein visuell presentasjon.
Studentar som skal halde munnleg presentasjon, må melde frå om tema for presentasjonen til emneansvarleg innan 1. september i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret.
Læringsutbytte
Kunnskap
Etter fullført emnet har studenten
- inngåande kunnskap om eit definert og avgrensa teatervitskapeleg emne eller ei metodisk problemstilling
- formulert sjølvstendige synspunkt på eit teatervitskapeleg emne
Ferdigheiter
Etter fullført emne kan studenten
- gjennomføre eit vitskapelig prosjekt gjennom materialinnsamling og teoretisk-analytisk handsaming av ei teatervitskapeleg problemstilling
- gi ei munnleg framstilling av eit teatervitskapeleg emne
Generell kompetanse
Etter fullført eksamen kan studenten
- presentere eige vitskapleg arbeid i munnleg form
- reflektere sjølvstendig og kritisk kring eit teatervitskapeleg emne
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Det er ikkje regulær undervisning i emnet. I tilfelle fleire studentar tar emnet same semester, kan det bli sett opp felles oppgåveseminar. Ut over dette vert undervisninga gitt i form av individuell rettleiing.
Studenten skal førebu eit seminarinnlegg på 30 minutt. Innhaldet i seminarinnlegget blir avtalt med faglærar. Etter seminarinnlegget er det ein samtale på 15 minutt.
Som grunnlag for seminarinnlegget skal studenten i samråd med rettleiar utvikle ein synopsis på om lag 1000 ord.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Studenten må levere tema til fastsatt frist
- Møte til to individuelle rettleiingar.
- Synopsis til prøveforelesing (om lag 1 000 ord).
Obligatorisk aktivitet er gyldig i undervsiningssemesteret.
Vurderingsformer
Munnleg presentasjon / prøveforelesning
Eksamenssvaret kan bli leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Haust og/eller vår.