Tyskspråkleg historie og kultur

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet tematiserer ulike aspekt ved tyskspråkleg historie og samfunn med utgangspunkt i ulike tekstar og uttrykksformer, blant dei skjønnlitterære tekstar, ulike typar sakprosa, film, musikk og biletkunst.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap:

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskapar om bakgrunnen for det moderne tyske samfunnet og den kulturelle utviklinga i Tyskland.
  • har kunnskap om den tyske nasjonsbyggingsprosessen og statsdanninga og særtrekk ved ulike kulturhistoriske periodar
  • har kunnskap om kjeldevurdering

Ferdigheiter:

Studenten

  • forstår kulturhistoriske fagtekstar og ulike estetiske uttrykk og kunne arbeide sjølvstendig med desse
  • kan diskutere og gjere greie for den historiske og kulturelle utviklinga i tyskspråklege område på tysk
  • kan vurdere ulike kjelder i arbeidet med kulturelle og historiske tema

Generell kompetanse:

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om utvalde tema innan tyskspråkleg kultur og historie i ein vidare europeisk kontekst
  • har eit reflektert og kritisk forhold til stoffet

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår. Emnet blir gjennomført første gong våren 2027.

Undervisningssted

Heile emnet blir tilbydd online. 

Delar av undervisninga blir i tillegg tilbydd som seminar på campus ved Universitetet i Bergen. 

I perioden mellom undervisningsslutt og eksamen kan det bli tilbod om eit frivillig studieopphald i Kiel i tre veker.

Dette emnet finst òg som nettemne (TYS632) med eige opptak gjennom UiB videre.

Krav til forkunnskaper
Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på tysk og føreset gode tyskkunnskapar.
Anbefalte forkunnskaper
Det blir tilrådd at studentane har kunnskapar og dugleik i tysk som svarer til nivå II frå vidaregåande skule eller tilsvarande.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for TYS122 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med TYS106/TYS626 eller TYS632.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningstilbodet omfattar forelesingar og øvingsgrupper. Aktiv deltaking frå studentane er ein føresetnad.

  • Ein dobbeltime forelesing
  • Ein førebuingspakke per veke for sjølvstudium
  • 12-14 veker

Tilbodet om øvingsgruppe blir avgjort av dei tilgjengelege ressursane på faget.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

I løpet av semesteret skal det haldast ein kort munnleg presentasjon (retningslinjer for dette blir gitt ved semesterstart).

Det obligatoriske arbeidskravet må gjennomførast i undervisningssemesteret.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Vurdering skjer på grunnlag av ein munnleg eksamen (20 til 30 minutt).

Munnleg eksamen kan bestå av ein kort presentasjon med valfritt tema med tilknyting til pensum, spørsmål til presentasjonen og spørsmål til pensum elles.

Utforminga av eksamen byggjer på innhald, øvingar og aktivitetar i undervisning/seminar og i samband med dei obligatoriske aktivitetane.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Programstyret for tysk.
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.