Litteratur, interpretasjon og omsetjing
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- TYS308
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Tysk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet tek utgangspunkt i nærlesing av skjønnlitterære og andre tekstar og omsetjingane deira.
Med utgangspunkt i teksten som interpretasjons- og omsetjingsutfordring ligg fokus på omsetjing som forståing og forståing som omsetjing: Kva for ei rolle spelar omsetjinga for forståinga av og interpretasjonen av litterære og andre tekstar? På bakgrunn av sentrale teoriar om interpretasjon og omsetjing tek ein føre seg tekstaspektet på ulike nivå: Kva skjer med til dømes litterære metaforar og sosiolektale konnotasjonar i omsetjinga, korleis taklar omsetjarane dialektbruk, kva skjer med syntaktisk kompliserte og lange setningar?
TYS308 er ein obligatorisk del av mastergradsstudiet.
Læringsutbytte
Kunnskap:
Studenten
- har god kunnskap om grunnleggjande teoretiske problemstillingar innan fortolkingsteori og omsetjingsvitskap
- har god kunnskap om sentral terminologi og sentrale omgrep innan fortolkingsteori og omsetjingsvitskap
Ferdigheiter:
Studenten
- kan skildre og analysere fortolkings- og omsetjingsutfordringar av ulikt slag (t.d. morfologiske, syntaktiske, fraseologiske, dialektale og sosiolektale)
- kan skildre og analysere fortolkings- og omsetjingsutfordringar i samband med omsetjing av tekstar frå ulike sjangrar
- kan samanlikne original og omsetjing/fleire omsetjingar med henblikk på fortolkings- og omsetjingsstrategiar
Kompetanse:
Studenten
- kan diskutere og formidle sentrale problemstillingar innan det valte emnet, både munnleg og skriftleg
- er i stand til på eiga hand å oppdatere og utvide kunnskapane sine om det valte emnet
- er skriveteknisk førebudd på å ta til på skrivinga av masteroppgåva
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt som forelesningar/seminar, der ein går ut frå at studentane deltek aktivt.
- 2 dobbeltimar
- 9 veker (til saman 9 dobbeltimar litteraturvitskap og 9 dobbeltimar omsetjingsvitksap)
Om det melder seg få studentar til eit emne, kan undervisningsforma bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
I løpet av semesteret skal det skrivast fire korte (500-750 ord) øvingsoppgåver (to i litteraturvitskap og to i omsetjingsvitskap) og haldast to munnlege presentasjonar (ei i litteraturvitskap og ei i omsetjingsvitskap) i tilknyting til undervisninga.
Arbeidskrava må vere godkjende av faglærar før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og det følgjande semesteret.
Vurderingsformer
Vurdering skjer på grunnlag av ein heimeeksamen på ei veke (om lag 4000 ord, ikkje medrekna innhaldsoversyn, oppgåveformulering og litteraturliste) og ein munnleg eksamen.
I heimeeksamenen vel ein mellom ei litteraturvitskapleg og ei språk- og omsetjingsvitskapleg problemstilling.
Den munnlege eksamenen skal vere ein presentasjon av eit sjølvvalt pensumrelatert emne frå den disiplinen ein har valt bort i heimeeksamen. Det blir også stilt spørsmål til heimeeksamen og pensum.
Utforminga av eksamen byggjer på innhald, øvingar og aktivitetar i undervisning/seminar og i samband med dei obligatoriske aktivitetane.
Ved utrekninga av den endelege karakteren tel heimeeksamen 50% og den munnlege eksamenen 50%.