Munnleg tysk, online

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet skal gi trening i å uttrykke seg munnleg på tysk og samstundes vere ei innføring i tysk lydlære (fonetikk/fonologi).

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap:

Studenten

  • har grundig kunnskap om munnleg tysk kommunikasjon og om tysk ordforråd tilpassa situasjon og sjanger
  • har kunnskap om systematisk ordforrådstileigning, inkludert strategiar for å bygge opp eit funksjonelt og situasjonstilpassa vokabular i tysk
  • har kunnskap om prinsipp for uttale, trykk og intonasjon som støttar tydeleg og forståeleg kommunikasjon
  • har basiskunnskaper i tysk fonetikk/fonologi
  • har grunnleggjande kunnskap om fonetisk transkripsjon ved hjelp av IPA-teikn

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan forstå og bruke samtalenormer i tyskspråklege kontekstar
  • kan forstå og bruke eit variert og presist ordforråd tilpassa tema, sjanger og situasjon
  • kan snakke tysk om ei rekke emne
  • kan reflektere over eigen munnleg språkbruk, med evne til å identifisere styrkar og utviklingsbehov gjennom sjølvrefleksjon og respons frå andre
  • kan bruke grunnleggjande fonetisk/fonologisk fagterminologi
  • kan skildre og analysere sentrale fonologiske prosessar i det tyske språket
  • kan bruke enkel fonetisk transkripsjon

Generell kompetanse:

Studenten

  • har eit godt grunnlag for å utvida eigen kompetanse i munnleg tysk
  • har eit godt grunnlag for å utvida eigen praktisk og teoretisk kompetanse i tysk lydlære
  • er god førebudd på å halde fram tyskstudiet

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust. Emnet blir gjennomført første gong hausten 2027.

Undervisningssted

Online. 

Dette emnet finst òg som ordinært emne (TYS130) med eige opptak.

Krav til forkunnskaper
Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på tysk og føreset gode tyskkunnskapar.
Anbefalte forkunnskaper
Det blir tilrådd at studentane har kunnskapar og dugleik i tysk som svarer til nivå II frå vidaregåande skule eller tilsvarande.
Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for TYS633 redusert med 5 studiepoeng om det vert kombinert med TYS115/TYS635.

Det blir redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert med TYS130.

Krav til studierett
Ope for studentar som har fått opptak gjennom UiB Videre.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningstilbodet omfattar forelesingar og ei øvingsgruppe.

Alle delar føreset aktiv deltaking frå studentane.

  • Ein dobbeltime forelesing og ein dobbeltime øvingsgruppe
  • Ein førebuingspakke per veke for sjølvstudium
  • 12 veker

Omfanget på tilbodet om øvingsgruppe blir avgjort av dei tilgjengelege ressursane på faget.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Kvar veke med undervisning (normalt 12 veker) skal det løysast ei oppgåve knytt til innhaldet i førebuingspakkane og undervisninga.

Alle oppgåvene må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.

Alle obligatoriske arbeidskrav må gjennomførast i same semester.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Eksamen er ein munnleg eksamen (ca. 20 minutt).

Utforminga av eksamen byggjer på innhald, øvingar og aktivitetar i undervisning/seminar og i samband med dei obligatoriske aktivitetane.

Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Vurderingssemester
Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Programstyret for tysk.
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.