Fransk (bachelor)
Fransk er eit av dei viktigaste språka i verda, og mengda fransktalande menneske er forventa å auke. Dagens fleirkulturelle og internasjonale samfunn treng fleire franskkunnige. Kunnskap om andre språk og kulturar styrker tverrkulturell forståing og internasjonalt samarbeid.
- Varigheit
- 3 år
- Studieplassar
- 10
- Studiepoeng
- 180
- Studiestart
- Haust
- Undervisningsspråk
- Norsk og fransk
Kva lærer du?
På bachelorprogrammet i fransk får du innsikt i fransk språkvitskap, franskspråkleg litteratur og kultur og samfunn. Du øver deg i å analysere språklege, litterære og kulturelle fenomen på fransk, og i å forstå andre kulturar frå deira synsvinkel.
Vi studerer både klassikarar og samtidslitteratur. Vi har prosjekt innanfor narrativitet og økokritikk, fiksjons- og verkelegheitslitteratur, digitale medium, film- og teikneserieadaptasjonar, aldersstudium.
Du får ei brei innføring i det franske språket og den franskspråklege kultursfæren og lærer å uttrykke deg og formidle kunnskap på munnleg og skriftleg fransk.
Du får overførbar kompetanse i språk, kultur og tekstfortolking som kan nyttast i vidare studium og arbeidsliv.
Studiet tar utgangspunkt i at du har forkunnskapar, som til dømes franskundervisning på vidaregåande.
Studiekvardag
Du studerer på fulltid. Ei typisk veke inneheld forelesingar, seminargrupper og praktiske øvingar i tillegg til sjølvstudium. Du og dine medstudentar blir oppfordra til å arbeide saman i kollokviegrupper utanom undervisninga. Omfanget av undervisningstimar vil variere frå semester til semester.
Tidlegare studentar nemner den faglege allsidigheita, med litterær, kulturell og lingvistisk kompetanse, som eit viktig læringsutbytte av studia. Faglege og sosiale arrangement er med på å styrke samhaldet blant studentane. Som student finst det fleire moglegheiter å engasjere seg.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar.
Kva kan du jobbe som?
Arbeidsgjevarar som opererer internasjonalt treng menneske som beherskar språka og kulturen der dei arbeider. Samfunnet har generelt stor nytte av slik kompetanse, både som kjelde til innovasjon og som motvekt til kulturelle og religiøse misforståingar og fordommar.
Tidlegare franskstudentar har fått jobb i mange ulike bransjar, som for eksempel i:
- internasjonale organisasjonar
- media
- handel
- turisme
- kulturliv
- utdanning
Arbeidsgjevarar framhevar ofte framandspråk som ein ettertrakta kompetanse, fordi det gir ein heilt annan tilgang til internasjonale marknader.
Les intervju med tidlegare studentarOpptakskrav og søknadsfrist
Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk: Norsk og fransk
Studiets oppbygging
1. semester
FRAN100 - Praktisk fransk: språk, litteratur, kultur (10 studiepoeng)
Examen philosophicum (10 studiepoeng)
EXFAC00SK - Språk og kommunikasjon (10 studiepoeng)
2. semester
FRAN120 - Fransk grammatikk 1 (10 studiepoeng)
FRAN121 - Fransk grammatikk 2 (10 studiepoeng)
FRAN122 - Innføring i moderne franskspråkleg litteratur (10 studiepoeng)
3. semester
FRAN123 - Innføring i franske litterære klassikarar (10 studiepoeng)
FRAN124 - Fransk kulturkunnskap og frankofoni (10 studiepoeng)
SEK100 - Samanliknande europeiske kulturstudium (10 studiepoeng)
4. semester
Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling(30 studiepoeng)
5. semester
Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)
6. semester
FRAN204 - Fordjuping i fransk litteratur eller (med bacheloroppgåve) (15 studiepoeng)
FRAN205 - Fordjuping i fransk grammatikk og tekstlingvistikk eller (FRAN255 - Fordjuping i fransk grammatikk og tekstlingvistikk med bacheloroppgåve) (15 studiepoeng)
Utveksling
Du kan dra på utveksling i eitt eller to semester. Du vel blant UiB sine avtalar i heile verda.
Vi organiserer normalt eit opphald for studentane i Det norske studiesenteret ved Universitetet i Caen (OFNEC), med fokus på munnleg og skriftleg fransk. Kurset ved OFNEC er gratis, men studentane må sjølv betale for reise og opphald. Du kan søke Lånekassen om reisestipend.
Vidare studiemoglegheiter
Etter avslutta bachelorgrad kan du ta ein mastergrad i fransk lingvistikk og litteratur. I kombinasjon med praktisk-pedagogisk utdanning er du kvalifisert for ei lektorstilling i skolen. Ein mastergrad styrker også moglegheitene til å få jobb.
Etter avslutta mastergrad kan du søke om doktorgradsstipend, og forske på fransk lingvistikk eller litteratur.
Spørsmål om studiet?
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.