Kunsthistorie (årsstudium)
Årsstudiet i kunsthistorie passar for deg som har studert før, som er interessert i kunst og visuelle uttrykk. Du lærer om vestleg visuell kultur, kunst og arkitektur i eit historisk, sosialt, retorisk og estetisk perspektiv. Hovudfokus er på den visuelle kulturen i Europa frå antikken til i dag.
- Varigheit
- 1 år
- Studieplassar
- 30
- Studiepoeng
- 60
- Studiestart
- Haust og vår
- Undervisningsspråk
- Norsk
Kva lærer du?
På studiet diskuterer vi kva for rolle kunsten har i samfunnet, kva forhold kunsten har til politikk og makt, og korleis kunsten kan bli forstått og tolka.
Kunsthistoriefaget stiller spørsmål som:
- Kva rolle har bilete i religion, og på kva grunnlag har ein villa forby dei?
- Er pressefotografiet ei spegling av røynda eller ein konstruksjon?
- Når blir noko kunst: er ikonet i kyrkja kunst, eller blir det kunst først når det heng i galleriet, og kva kan eit urinal seie oss når det blir kunst?
Med eit årsstudium i kunsthistorie
- har du brei kunnskap om sentrale utviklingstrekk innan biletkunst, arkitektur og visuell kultur frå antikken til i dag
- kan du analysere, tolke og drøfte ulike verk i ein kunsthistorisk samanheng, og sjå kva for geografisk tilknyting, datering og opphav ulike kunstverk har
- kan du presentere problemstillingar og argumentere for ulike løysingar både skriftleg, munnleg.
Studiekvardag
Årsstudium i kunsthistorie er eit fulltidsstudium. Ei veke kan innehalde forelesingar, seminar, praktiske øvingar, ekskursjonar og sjølvstudium. I mange av kursa går vi på museum, kunstutstillingar og på byvandring for å utforske faget, i ein av dei aller mest aktive kunstbyane i Noreg.
Som student hos oss vil det meste av undervisninga vere på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. Det aktive studentmiljøet på kunsthistorie arrangerer dessutan filmkveldar, lesegrupper og mykje anna. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.
Kva kan du jobbe som?
Kunnskap om kunsten si historie, om visuell kultur og arkitekturhistorie er etterspurt i museum og etatar som arbeider med bevaring og vern av historiske bygningar og kulturmiljø, eller med byutvikling.
Turistnæringa treng òg folk med kunst- og kulturkunnskap, så vel som evne til god språkleg og munnleg formidling.
Med årsstudium i kunsthistorie er dette aktuelle bransjar:
- museum
- galleri
- kulturadministrasjonen i kommunen
- journalistikk
- kommunikasjonsarbeid
Kunnskap om visuell kommunikasjon og kunsthistorie er òg viktig i kombinasjon med andre fag dersom du vil arbeide i skolen.
Les intervju med tidlegare studentarOpptakskrav og søknadsfrist
Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk: Norsk
Studiets oppbygging
Du har to emne kvart semester.
1. semester
KUN105 - Kunst og kultur i antikken, Bysants og tidleg mellomalder (15 studiepoeng)
KUN106 - Kunst, arkitektur og visuell kultur 1750-1950 (15 studiepoeng)
2. semester
KUN107 - Kunst og kultur i mellomalder, renessanse og barokk (15 studiepoeng)
KUN108 - Kunst, arkitektur og visuell kultur 1950 - i dag (15 studiepoeng)
Utveksling
Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på årsstudiet i kunsthistorie.
Vidare studiemoglegheiter
Dersom du vil fortsette å studere, kan du søke om å byte studieprogram til bachelorprogrammet i kunsthistorie. Årsstudiet i kunsthistorie kan i sin heilskap inngå i bachelorprogrammet.
Spørsmål om studiet?
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.