Medier og kommunikasjon (master)
Dette masterstudiet passar for deg som vil arbeide innan media, kommunikasjon og kultur. Du kan fordjupe deg i strategisk kommunikasjon, mediebruk og publikumsanalyse, medieindustri, institusjonar og teknologi. Du kan óg velje film, TV, sosiale medium, dataspel og visuell kultur. I løpet av studiet
- Varigheit
- 2 år
- Studieplassar
- 25
- Studiepoeng
- 120
- Studiestart
- Haust
- Undervisningsspråk
- Norsk
Kva lærer du?
Etter fullført mastergrad har du eit solid fagleg grunnlag for arbeid med media og kommunikasjon i dei fleste samfunnssektorar. Masterstudiet gir deg kunnskap, ferdigheiter og kompetanse til å møte komplekse, faglege problemstillingar:
- Du forstår kva rolle og betydning media og kommunikasjon har for samfunnsutviklinga
- Du kan bruke relevante teoriar og metodar til å analysere aktuelle medie- og kommunikasjonsfaglege problemstillingar
- Du kan bruke kunnskapen til praktiske problemstillingar, utfordringar og moglegheiter innan arbeidsliv, teknologi og samfunn
- Du kan ta del i nytenking og strategiutvikling i media, kommunikasjons- og kulturbedrifter og organisasjonar
Studiekvardag
På masterprogrammet har vi eit godt og inkluderande studentmiljø, og faste lesesalplassar.
Studiet har fleire undervisningsformer, blant anna forelesingar, laboratorium, praktiske øvingar og arbeid i seminargrupper. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.
I løpet av studiet tar du eit praksiskurs, der du skal arbeide i ei bedrift og få erfaring med kva type oppgåver medie- og kommunikasjonsvitarar kan utføre i arbeidslivet.
Masteroppgåva brukar ein normalt eitt år på å fullføre. Du vil få tildelt ein rettleiar, som er ein vitskapleg tilsett med fagleg spisskompetanse knytt til ditt masterprosjekt. Rettleiaren vil gi deg tips og råd om fagleg innhald, frå du startar å skrive oppgåva til ferdig produkt.
I tillegg vil du kunne samarbeide med forskingsgruppene på instituttet, og vere tilkopla pågåande forskingsprosjekt.
Kva kan du jobbe som?
Masterstudiet i medium og kommunikasjon gir kompetanse til å arbeide innan både privat og offentleg sektor, i medieføretak, organisasjonar og kulturlivet. Med denne mastergraden kan du blant anna få jobb innanfor
- medie- og kommunikasjonssektoren
- kultursektoren
- offentleg sektor
- næringslivet
- forsking
- undervisning
Det er stor variasjon i kva yrke du kan få, men nokre eksempel er
- kommunikasjonsrådgjevar
- journalist
- medieanalytikar
- innhaldsprodusent
- kulturarbeidar
- forskar
- medielærar
Opptakskrav og søknadsfrist
Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk: Norsk
Studiets oppbygging
Masterstudiet i medium og kommunikasjon er eit toårig fulltidsstudium som startar i august. Det første året tar du ulike emne (fag), og det andre året skriv du masteroppgåve.
1. semester
Du vel to av desse emna:
MEVI301 – Det globale medielandskapet (15 studiepoeng)
MEVI302 – Avansert mediebruksanalyse (15 studiepoeng)
MEVI303 – Film, TV og visuell kultur (15 studiepoeng)
MEVI304 – Politisk og strategisk kommunikasjon (15 studiepoeng)
2. semester
I vårsemesteret skal du ta tre emne. Eitt obligatorisk og to valfrie forskingsemne:
MEVI340 – Prosjektutvikling (10 studiepoeng). Obligatorisk.
Forskingsemne vårsemesteret 2025 (nye tema kvart år). Vel to:
MEVI310-9 – Forskingserfaring og metode: Dataspelforteljingar (10 studiepoeng)
MEVI310-10 – Forskningserfaring og metode: Kva er ein god borgar? Demokrati og sosiale medium (10 studiepoeng)
MEVI390 – Arbeidslivspraksis for mediestudentar (10 studiepoeng)
3. og 4. semester
I løpet av desse semestera skriv du masteroppgåve.
MEVI350 – Masteroppgåve i medier og kommunikasjon (60 studiepoeng)
Utveksling
Det er ikkje lagt opp til at studentar kan reise på utveksling i løpet av dette masterprogrammet.
Vidare studiemoglegheiter
Du kan ta doktorgrad (ph.d.) ved å søke opptak til forskarutdanninga.
Spørsmål om studiet?
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.