Studieplan for MAJUR-2 Toårig masterprogram i rettsvitskap, vår 2026
Omfang og studiepoeng
120 studiepoeng.
Masterprogrammet er normert til to års fulltidsstudier.
Namn på grad
Master i rettsvitskap.
Fulltid/deltid
Fulltid.
Undervisningsspråk
Norsk.
Studiestart - semester
Haust.
Mål og innhald
Toårig master
Masterprogrammet i rettsvitskap passar for deg som vil bli jurist. For å bli tatt opp til Masterprogrammet i rettsvitenskap må du ha bestått bachelorgrad i rettsvitskap eller juss frå Universitetet i Innlandet, Universitetet i Agder eller Universitetet i Stavanger.
Som masterstudent ved Det juridiske fakultet vil du få kontakt med leiande fagmiljø innan strafferett, rettargang og formuerett.Du får tett oppfølging og rettleiing av engasjerte undervisarar.
I den siste delen av masterstudiet skal du skrive ei masteroppgåve. Her kan du spesialisere deg innan faglege spørsmål som du er opptatt av. Du kan òg søke om å skrive masteroppgåve innanfor eit av forskingsprosjekta ved fakultetet.
Juristar med mastergrad i rettsvitskap er etterspurde, og dei fleste som fullfører ei utdanning ved Det juridiske fakultet får relevant jobb kort tid etter at dei avslutta studia.
Med ein mastergrad i rettsvitskap frå UiB står mange ulike karrierevegar opne for deg, og du kan jobbe både i privat og offentleg sektor. Etter masterstudiet kan du søke på forskarutdanninga ved Det juridiske fakultet.
Oppbygging
Masterprogrammet i rettsvitskap er eit toårig fulltidsstudium, som startar i august.
Det første studieåret består av obligatoriske emner. På andre året kan du velje fordjuping etter eigne interesser.
Dei fleste skriv masteroppgåve på 30 studiepoeng i eitt semester. Det er mogleg å søkje opptak til Forskarlina på 70 studiepoeng for å skrive masteroppgåve over eitt år. Du har høve til å reise på studieopphald i utlandet; eitt eller to semester
Studiekvardag
All undervisning skjer på campus i Bergen. Undervisninga er på norsk og engelsk, og skjer gjennom forelesingar, seminargrupper, masteroppgåve og sjølvstudium. Nokre undervisningsaktivitetar er obligatoriske, det varierer frå emne til emne.
Du skal skrive ei masteroppgåve basert på ei juridisk problemstilling, og vel sjølv kva tema du vil skrive om. På fakultetet har vi mange ulike faggrupper, og du kan knytte deg til den gruppa som ligg nærast di interesse. Fakultetet tildeler deg ein rettleiar som har god kjennskap til temaet du vil skrive om.
Fakultetet held til på Dragefjellet; ein ærverdig og moderne studiestad midt i Bergen sentrum. På Dragefjellet finn du forelesingssalar, grupperom, lesesalar, bibliotek, studentbar og kantina med byens flottaste utsikt. Som jusstudent er du midt i smørauget av studentbyen Bergen.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidatane har kunnskapar om grunnleggande regler og samanhengar innan alle fagområde som vert omfatta av studiet, og spesialisert kunnskap innan fagområde som vert dekte av masteroppgåva.
Dette inneber at kandidatane har kunnskapar om og forståing av
- nasjonal og internasjonal rett,
- korleis nasjonal rett vert påverka av internasjonale rettssystem som EU-retten, EØS-retten, internasjonale menneskerettar og annan folkerett,
- korleis juridisk argumentasjon varierer på ulike rettsområder,
- sentrale problemstillingar og debattar i det juridiske miljøet, både i det praktiske rettsliv og innan rettsvitskapen, nasjonalt og internasjonalt.
Dugleik
Kandidatane kan anvende juridisk metode til sjølvstendig å analysere, drøfte og ta standpunkt til juridiske problemstillingar. Dette inneber
- å innhente og systematisere rettsleg relevant materiale, og på grunnlag av dette identifisere juridiske problemstillingar og samanhengar,
- å foreta en sjølvstendig analyse av juridiske problemstillingar på ein grundig, heilskapleg, kritisk og balansert måte,
- å resonnere seg frem til eit fagleg forsvarleg standpunkt gjennom avklaring av spenningar mellom ulike typar gyldige argumenter og mellom underliggande rettslege og samfunnsmessige verdiar.
Kandidatane kan formidle og evaluere juridiske analysar og standpunkt gjennom
- systematisk å utarbeide sjølvstendige skriftlege analysar innanfor ulike rettsområde,
- å kommentere og evaluere andre studentar sine juridiske analyser og sjølv taka imot og gjere bruk av slike kommentarar,
- å arbeide med andre i grupper for å analysere juridiske problemstillingar.
Generell kompetanse
Gjennom studieprogrammet oppnår kandidatane generelt anvendeleg kompetanse knytt til å
- tileigne seg ny kunnskap på sitt fagfelt og innan tilgrensande fag, og løyse juridiske problemstillingar også utanfor dei rettsområda som er del av rettsstudiet,
- systematisere og vege argumentasjon, gje råd og treffe avgjerder,
- identifisere og ta konsekvensar av etiske og profesjonsetiske aspekt ved juridisk argumentasjon og standpunkt,
- formidle juridiske analysar og konklusjonar, samt profesjonsetiske vurderingar, til andre juristar og til allmenta, skriftleg og munnleg,
- presentere og argumentere for eigne vurderingar og konklusjonar for større og mindre grupper
- arbeide sjølvstendig og i grupper.
Opptakskrav
Fullført og bestått bachelorgrad i rettsvitskap eller juss frå Universitetet i Innlandet, Universitetet i Agder, Universitetet i Stavanger eller Høgskolen i Molde, totalt 180 studiepoeng. Faginnhaldet i bachelorgraden må oppfylle alle faglege krav i dei tre første studieåra i femårig integrert masterprogram i rettsvitskap ved Det juridiske fakultet i Bergen.
For å vere kvalifisert for opptak må søkar ha eit karaktersnitt på C eller betre i dei emna som inngår i opptaksgrunnlaget.
NB! Søkjarar som har takka ja til studieplass på toårig masterprogram i rettsvitskap ved UiB, og som får tilbod om studieplass gjennom Samordna Opptak til femårig masterprogram i rettsvitskap ved UiB same år, får inndratt studieplassen til toårig masterprogram i rettsvitskap.
Obligatoriske emne
Fyrste år
Andre år
For studentar som starta hausten 2024 eller tidlegare var obligatoriske emne på andre året:
- masteroppgåve
Tilrådde valemne
Fordjupingsemne 20 sp:
- JUS3551">JUS3551 Immaterialrett
- JUS3552">JUS3552 Tvisteløysing i kommersielle forhold
- JUS3554">JUS3554 Planrett og kystsoneforvaltning
- JUS3555">JUS3555 Politi- og påtalerett
- JUS3556">JUS3556 Selskapsrett og bedriftsbeskatning
- JUS3550">JUS3550 Arbeidsrett
- JUS3553">JUS3553 Konfliktmekling
- JUS3557">JUS3557 Velferdsrett
Rettshjelp:
JUS325 Rettshjelp 30 sp
Rekkefølgje for emne i studiet
Fyrste år:
Emna på 1. studieår må være greidde før ein begynner på 2. studieår
Andre år:
- Fordjupingsemne (20 sp)
- Juridiske utgreiingar (10 sp)
- Masteroppgåve (30 sp)
eller
70 sp Forskarline etter søknad
eller
- JUS325 Rettshjelp (30 sp)
- Masteroppgåve
eller
Utveksling
- LLM 60 sp
eller - rettsvitskapelege emne på masternivå 30 sp i utlandet + masteroppgåve 30 sp i Bergen
eller - sjølvstendige skriftlege arbeider som oppfyller krava som gjeld for masteroppgåve på 30 sp i utlandet + fordjupingsemne (20 sp), og enten JUS391 Juridiske utgreiingar eller engelsk spesialemne (10 sp) i Bergen
- LLM 60 sp
Fakultetet kan gjere unntak frå dette dersom særlege omsyn finst.
For studentar som starta hausten 2024 eller tidlegare er andre året slik:
30 sp spesialemne og 30 sp masteroppgåve
eller
stor masteroppgåve etter søknad
Delstudium i utlandet
Emne som svarar til fordjuping, og i nokre tilfelle masteroppgåve, kan takast i utlandet.
Du kan utveksle nærast kvar som helst i Norden og resten av Europa, i tillegg til særs gode universitet i til dømes Kina, India, New Zealand, Australia, USA og Canada.
Undervisningsmetodar
- Det skal vedtakast hovudlitteratur for kvart emne. Det kan i tillegg vedtakast innføringslitteratur og tilleggslitteratur.
- Hovudlitteraturen skal ha eit omfang på mellom 30 og 60 tekstsider pr. studiepoeng.
- Undervisninga er basert på problembasert læring (PBL).Førelesingar vert som hovudregel tilbodne i alle emne.
- Undervisningsformer varierer frå emne til emne, men studieopplegget i Bergen legg i stor grad opp til studentaktiv læring, og det er forventa at studentane møter førebudde og deltek aktivt i undervisninga.Undervisningsformene i kvart enkelt emne går fram av emneskildringa.
- Obligatorisk undervisning: Det gjeld obligatoriske arbeidskrav. Dette er nærare regulert i fakultetet sine utfyllande reglar.
- Vurderingsforma og -tida går fram av emneskildringane.
- Vurdering i obligatoriske emne blir som hovudregel halden kort etter at kurset er avslutta, eventuelt med element av prøving undervegs i kurset.
- Val-, fordjupings- og spesialemne kan ha andre ordningar; sjå emneskildringane.
- Oppgåvene som blir gjevne til eksamen kan omfatte læringskrav også frå emne plassert tidlegare i studiet.
- Studentevaluering er etablert som fast ordning i det første studieåret. Fordjupings- og spesialemne vert evaluerte etter nærare reglar.
- Alle emne vert evaluert kvart 3. årpå grunnlag av mellom anna studentevaluering og statistiske data frå emna (deltakartal, gjennomføring, eksamensresultat, gjentaksprosent mv.).
Ekstern evaluering:
- NOKUT har kontinuerleg tilsyn med kvaliteten i høgre utdanning
- Dei eksterne fagfellane knytt til masterprogrammet i rettsvitskap gjer evalueringar av nærare angjevne, avgrensa delar av studiet og avgjer årleg rapport
- UiB sentralt fører tilsyn med drifta via nærare fastlagde rapporteringsrutinar
Obligatorisk rettleiing for masteroppgåva
Studentane har rett og plikt til rettleiing under arbeidet med masteroppgåva. Det vert gitt 11 timars rettleiing per student. Studentar som etter søknad får plass på Forskarlina har eigne retningsliner og fleire rettleiingstimar.
Timetalet omfattar den tida rettleiaren bruker til lesing av utkast, til utarbeiding av kommentarar og til samtale med studenten. Rettleiinga skal avgrensast til eitt semester, med mindre noko anna er særskilt avtalt, eller det er særlege grunnar til at arbeidet med masteroppgåva har teke lengre tid. For studentar på Forskarlina skal rettleiinga, med dei same atterhalda, avgrensast til to semester.
Vurderingsformer
. Frå hausten 2025 er det munnleg forsvar av masteroppgåva.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål på norsk og Diploma Supplement på engelsk vert skrive ut etter at graden er fullført. Du må ha gjeve kandidatløftet før du kan få vitnemål.
Karakterskala
Vurderingsuttrykket er A - E for Greidd (Bestått) og F for Ikkje greidd (Ikke bestått) eller Greidd/Ikkje greidd (Bestått/Ikke bestått). Vurderingsuttrykket for kvart emne går fram av emneskildringa. Grunnlag for videre studium
Mastergraden gir grunnlag for opptak til ph.d.-utdanning.
Det er mogleg å oppdatere og utvide kompetansen ved å ta spesialemne etter avslutta grad ved å søkje særskild studierett til å ta spesialemne.
Grunnlag for vidare studium
Mastergraden gir grunnlag for opptak til ph.d.-utdanning. Opptak krev godkjent prosjektskildring.
Det er mogleg å oppdatere og utvide kompetansen ved å ta ytterlegare spesialemne etter avslutta grad ved å søkje særskild studierett til å ta spesialemne.
Evaluering
Studiet er underlagt fleire formar for evaluering:
Al
l intern evaluering skal følgje dei krava som er fastsette i Kvalitetssystem for utdanning ved Universitetet i Bergen.
Skikkavurdering og autorisasjon
Programansvarleg
Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Masterprogram i rettsvitskap har ikkje eige programstyre, men vert administrert av Studieutvalet på vegne av Fakultetsstyret.
Administrativt ansvarleg
Fakultetsdirektøren v/Studieseksjonen ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen. post.jurfa@uib.no
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål:
Yrkesvegar
Få utdanningar fører fram til jobb i så mange ulike bransjar som juristutdanninga. Vi finn juristar overalt i arbeidslivet og det vil alltid vere stor etterspurnad etter dei med juridisk utdanning.
Medan fleire juristar går inn i næringslivet, f.eks. innan bank, forsikring, varehandel, industri eller skipsfart, jobbar andre innanfor offentleg forvalting som i NAV, Skatteetaten og Konkurransetilsynet. Departementa og politiet/påtalemakta er populære og viktige arbeidsgivarar for juristar. Andre aktuelle arbeidsplassar er mediebransjen og organisasjonslivet. Ein kan dessutan arbeide med forsking og undervisning ved universitet og høgskolar.
Ein kan også bli dommar eller gå inn i advokatyrket. Det er berre juristar (advokatar) som har løyve til å drive profesjonell rettshjelp og føre saker for domstolane. For å få tittelen advokat og løyve til å arbeide som advokat, må ein ta eit obligatorisk advokatkurs. Ein må også ha to års godkjend juridisk praksis, vanlegvis som advokatfullmektig, dommarfullmektig eller politifullmektig.