Her kan du lese om korleis du søker opptak, kva dokumentasjonskrava er og korleis søknaden din blir handsama:
Søknadsprosess
Slik søker du opptak
Du må registrere søknaden i Søknadsweb.
Fristar:
- 1. februar: Søknadsweb opnar
- 15. april: Søknadsfrist og frist for å laste opp dokumentasjon
- 1. juli: Frist for å dokumentere utdanning som blir fullført inneverande semester
Rettleiing for å laste opp dokumentasjon
- Du lastar opp dokumentasjon til "Mine dokument" i Søknadsweb. Du kan når som helst sjekke kva dokument du har lasta opp.
- Du må laste opp dokument i PDF-format (ikkje bruk komprimerte filer som ZIP eller RAR).
- Du må kontrollere at filene du har lasta opp kan opnast og at dokumenta er tydelege og kan lesast.
- Du må gi dokumenta namn som viser kva dei inneheld (til dømes "mastergrad", "norskprøve").
- Du må lage ei samla fil av dokument som har fleire sider. På denne nettstaden kan du få hjelp til å lage ei samla fil.
- All dokumentasjon skal lastast opp på Søknadsweb og du kan ikkje sende/ettersende dokument på e-post.
- Du må unngå å laste opp dokument som ikkje er etterspurt.
Du har sjølv ansvar for at all nødvendig dokumentasjon er lasta opp i tide. Søknader utan dokumentasjon vil ikkje bli vurdert.
Prioritering
Det er mogleg å få opptak med enten eitt eller to undervisningsfag. Fagtilboda finn du på sida Opptakskrav til Praktisk-pedagogisk utdanning
Når du søkjer vil du få opp ein meny med ulike fagval, kor du kan velje opp til fire alternativ. Det er lurt å setje opp fleire alternativ som du trur du er kvalifisert i, og det er viktig at du set opp faga i prioritert rekkefølgje. Du vil uansett få tilbod i enten eitt eller to fag.
Du kan prioritere om på fagvala dine og leggje til nye i Søknadsweb fram til 15. april.
Om dokumentasjon
Har du utdanninga di frå UiB eller anna offentleg norsk universitet eller høgskule?
Då har vi tilgang til resultata dine, og du treng ikkje å laste opp karakterutskrift eller vitnemål i Søknadsweb.
Har du bachelorgrad frå ein institusjon på denne lista? Då treng du ikkje å laste opp vitnemåla dine. Me har tilgang til dei digitalt.
Sjå meir informasjon om resultatutveksling for utdanningsinstitusjonar.
Fullfører du graden eller relevante emne i søknadssemesteret?
Då må du laste opp kopi av eksamensmeldingar (til dømes skjermdump frå Studentweb eller stadfesting frå lærestaden) som viser kva emne du tar innan 15. april. Frist for ettersende dokumentasjon for utdanning du fullfører i søknadssemesteret er 1. juli.
Har du utdanning frå BI, Bjørknes eller Atlantis Medisinske Høyskole?
Då må du laste opp original eller attester kopi av vitnemål med komplett karakterutskrift. Marker gjerne dei emna du meiner er relevante med tanke på det/dei faga du søker opptak til.
Har du utdanning frå utlandet?
Marker dei emna du meiner er relevante, med tanke på dei faga du har søkt opptak til. I tillegg må du laste opp:
- Omsetjing av utanlandske dokumenter: Vi godkjenner berre engelske og skandinaviske dokument. Omsetjing skal gjerast av translatør eller tolketeneste. Du må laste opp både originalen og omsetjinga innan søknadsfristen.
- Emneplanar (inkludert pensum/litteraturliste) på engelsk, norsk eller anna skandinavisk språk som dokumenterer innhaldet i utdanninga.
- Utgreiing av vektingssystemet (dvs. kor mange credits/ECTS som utgjer eit fulltidsstudium) og karakterskalaen som den utanlandske lærestaden nyttar.
- Godkjenningsbrev frå HK-dir: Har du fått eit godkjenningsbrev frå Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir), NOKUT før 2023, for den utanlandske gradsutdanninga di? Godkjenningsbrevet er ikkje obligatorisk, men det er nyttig for oss.
Har du utdanning frå land utanfor Norden, må du dokumentere tilstrekkelege norskkunnskapar. Du dekker språkkrava i norsk med generell studiekompetanse, enten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
Har du lærarutdanning frå utlandet?
Då bør du ta kontakt med Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) for ei vurdering, eller godkjenning, av utdanninga di. Her kan du lese meir om korleis du søker om godkjenning av lærarutdanning frå utlandet.
Korleis dokumenterer du yrkespraksis?
Du må dokumentere relevant arbeidserfaring (yrkespraksis) med arbeidsattest/tenestebevis i PDF- eller JPG-format (ikkje Word-fil). Arbeidsattesten skal innehalde:
- Stillingstittel
- Start- og sluttdato
- Kor stort omfang stillinga hadde (i stillingsprosent eller timar per veke)
- Handskriven eller synleg elektronisk signatur frå arbeidsgivar
Har du mottatt ei førehandsvurdering av emna dine?
Då må du laste opp dette brevet eller e-posten.
Dokumentasjonskontroll
Etter opptaket kan du bli bedt om å vise fram originale dokument eller på annan måte dokumentere at dokumentasjon du har lasta opp er korrekt. Om du ikkje kan vise fram godkjent dokumentasjon, kan du miste retten til å studere.
Slik blir søknaden din handsama
Du får tilsendt kvittering på mottatt søknad per e-post med ein gong du har sendt søknaden, og på denne kvitteringa vil det også stå opplysningar om vidare saksgang for opptaket.
Medan søknaden blir handsama må du:
- Sjekke at kontaktinformasjonen din på profilsida i søknaden din (i Søknadsweb) er korrekt
- Sjekke e-posten din, inkludert søppelfilteret, jamleg - sjølv om du er på ferie
Du får svar på søknaden din i starten av juli ved at vi publiserer svaret på søknaden din i Søknadsweb og kontaktar deg på e-post.
Rangering av søkarar
Søkarane blir rangert etter desse kriteria:
- Søkarar som er kvalifisert i to fag som UiB tilbyr fagdidaktikk i går framfor søkarar med eitt fag.
- Karaktersnitt på opptaksgrunnlaget.
Vilkårsbunde tilbod
Fullfører du utdanning i søknadssemesteret? Vi kan gi søkarar som manglar nødvendige opptakskrav eit vilkårsbunde tilbod. Då må du dokumentere at manglande opptakskrav blir dekka innan registreringsfristen 1. september. Om du har fått vilkårsbunde tilbod og ikkje dekker kravet innan fristen, mister du tilbodet om studieplass.
Dersom du har utdanning frå ein av desse institusjonane, vil all fullført utdanning som regel bli registrert automatisk i Søknadsweb, men du må laste opp dokumentasjon i utdanningsplanen din og i emne du er meldt opp til i søknadssemesteret i Søknadsweb.
Det blir ikkje gitt vilkårsbunde tilbod til søkarar som ikkje kan dokumentere tilstrekkelege kunnskapar i norsk, eller til internasjonale søkjarar som må ha studierett for å få innvilga opphaldsløyve.
Politiattest
Dersom du takker ja til tilbod om plass på PPU, må du legge fram politiattest ved studiestart. Fristen for å levere politiattest er 1. september.