Korleis søker eg?
Dei fleste vidareutdanningane og deltidsstudia ved UiB har lokalt opptak. Du søker via nettsida til det aktuelle studiet.
Du blir då sendt vidare til søkeportalen EvuWeb (ekstern lenke). Her loggar du inn med ID-porten eller MinID. Har du aktiv Feide-brukar frå tidlegare studiar ved UiB kan du også logge inn med denne.
I EvuWeb registrerer du personopplysningar, svarer på spørsmål og lastar opp nødvendig dokumentasjon i tråd med opptakskrava som gjeld for det aktuelle studiet.
Opptakskrav
Opptakskrav og eventuelle krav til dokumentasjon varierer mellom studia, avhengig av om studiet er på bachelor- eller masternivå. Krava kan også vere ulike for studium med og utan studieavgift.
Nokre studier har i tillegg særskilde krav til tidlegare utdanning eller relevant arbeidserfaring. Desse krava finn du på nettsida til studiet. Dei skal også vere omtalte i emneskildringa. Lenke til emneskildringa finn du på nettsida til studiet.
Les meir om generelle opptakskrav til nettstudier og vidareutdanningar ved UiB
Påmelding og søknadsfristar
Nokre studier har faste søknadsfristar, medan andre har løpande opptak.
Dersom det er løpande opptak, behandlar vi søknadene i fleire opptaksrunder, så lenge det er ledige studieplassar.
Til enkelte studietilbod kan du også melde deg direkte på, så lenge det er ledige plassar. Direkte påmelding vil seie at du får stadfesta studieplass med ein gong. Dette gjeld studietilbod utan særskilte opptakskrav.
Når får eg svar?
Du får normalt svar på søknaden din nokre dagar etter søknadsfrist eller oppgitt dato for neste søknadsbehandling.
Svar blir sendt til di private e-postadresse, som du er registrert med i samband med søknad til studiet. Dette er den e-postadressa du er oppført med i det sentrale Kontakt- og reservasjonsregisteret (ekstern lenke). Dersom du ønsker å endre e-postadresse eller andre kontaktopplysningar må du sjølv endre dette. Vi har ikkje løyve til å gjere dette for deg. Les meir om korleis du endrar kontaktopplysningane dine (ekstern lenke)
Svarfrist
Når vi sender ut tilbod om studieplass får du ein svarfrist på mellom 7 og 14 dagar. Svarfristen kan i nokre tilfelle vere kortare, til dømes ved suppleringsopptak eller når det er kort tid til studiestart.
Dersom du takkar ja til studieplassen får du ein ny e-post frå oss med stadfesting på opptak og studierett til emnet (ekstern lenke).
Ventelisteplass
Dersom studiet blir fullt vil du kunne få tilbod om ventelisteplass. Vi tar kontakt med deg dersom det blir ledig plass så du kan tilbod om studieplass.
Tilbod på visse vilkår
Dersom du på søknadstidspunktet ikkje oppfyller opptakskrava fullt ut, til dømes fordi du fullfører bachelorgraden seinare same semester, kan du få tilbod om studieplass på vilkår. Du kan då få tilbod om studieplass på vilkår av at du ettersender den manglande dokumentasjonen innan fristen som er oppgitt i tilbodet. Dersom du ikkje gjer dette, vil vi kunne trekke tilbake tilbodet om studieplass.
Avslag
Dersom du ikkje fyller opptakskrava eller ikkje sender oss dokumentasjon på at du fyller opptakskrava innan fristen du har fått, vil du dessverre få avslag på søknaden din. Du kan klage på avslaget, i tråd med § 7-7 i UiB si opptaksforskrift (ekstern lenke). Informasjon om klagefrist og korleis du går fram vil følgje avslagsbrevet.
Kva skjer vidare?
Har du fått studieplass? Les meir om trekkfristar, angrerett, betaling av semesteravgift og eventuell studieavgift: Vilkår for vidareutdanningar og deltidsstudier ved UiB
Her finn du også gjeldande reglar for vidareutdanningsstudentar når det gjeld tilrettelegging, pause eller permisjon frå studia og trekk eller fråver frå eksamen.
Kontakt UiB Videre
Har du spørsmål om korleis du søker, opptakskrav og krav til dokumentasjon, søknadsfrister eller status for din eigen søknad? Ta kontakt med UiB Videre:
- Telefonnummer
- 55582040
- E-post
- videre@uib.no