Bacheloroppgave med rettleiing
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- ECON290A
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Målsetjinga med oppgåva er at studentane skal kunne gjennomføre ei sjølvstendig drøfting og analyse av ei samfunnsøkonomisk problemstilling ved hjelp av den "verktykassa" dei har tileigna seg gjennom bachelorstudiet.
Emnet består av ei generell innføring i skriving av ei bacheloroppgåve i tillegg til ei sjølvvalt økonomisk problemstilling/prosjektskildring som skal resultere i den ferdige oppgåva. Oppgåva skal ta utgangspunkt i eit tema som skal drøftas ut frå eit teoretisk perspektiv, tidlegare forsking eller ved ei empirisk analyse av kvantitative data.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten...
- kan anvende teori og empiri til å forstå samfunnsøkonomiske problemstillingar
- har kjennskap til vitskapeleg skriving og kjeldebruk
Ferdigheiter
Kandidaten...
- kan formulere, drøfte og analysere en samfunnsøkonomisk problemstilling
- kan skrive en klar og strukturert oppgåve
- kan innhente passande litteratur
Kompetanse
Kandidaten...
- mestre skriftleg og munnleg presentasjon av eige arbeid
- kan drøfte andre sitt arbeid kritisk
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Felles informasjonsmøte og bachelorseminar ved semesterstart.
Det er mogleg å gjennomføre bacheloroppgåva på to forskjellige måtar:
- med rettleiing og munnleg presentasjon (ECON290A) og
- utan rettleiing og munnleg presentasjon (ECON290B).
ECON290A er tilrådd av Institutt for økonomi.
- ECON290A: Gruppemøte 1 (3 timar), individuell rettleiing (30 minutt), gruppemøte 2 med presentasjon og opposisjon (4 timar).
- ECON290B: Inga rettleiing. ECON290B er basert utelukkande på sjølvsstudium.
NB: Frå 2023 blir ECON290 (A og B) berre tilbudt i vårsemesteret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Merk at det berre vil bli gitt ein sjanse til å få godkjend kvart av dei obligatoriske krava, og at dei berre er gyldig inneverande semester.
Vurderingsformer
Bacheloroppgåve
Bacheloroppgåva kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen tilbys kun i undervisningssemesteret.
Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiBs studieforskrift § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til Studieveileder.econ@uib.no.
Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.