Dataanalyse i meteorologi og oseanografi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gjev ei grunnleggjande innføring i statistiske metodar for analyse av observerte og numerisk modellerte storleikar i oseanografi og meteorologi. Dette inkluderer deskriptiv statistikk for å kvantifisere eigenskapar i eit datasett og statistisk inferens for å teste hypotesar og dra slutningar om ukjente aspekt ved ein populasjon og deira uvisser. Emnet vil vidare omhandle meir spesifikke metodar for analyse av romlege data og tidsrekkjer, til dømes empiriske ortogonale funksjonar, frekvensanalyse og filtrering. Teorien vil bli nytta på geofysiske problemstillingar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan berekne og drøfte grunnleggjande statistiske eigenskapar
  • kan velje og nytte hensiktsmessige statistiske modellar for å dra slutningar om ein populasjon og talfeste uvissa knytt til dette basert på eit utval data
  • kan greie ut om styrkar og avgrensingar til ulike analysemetodar ofte nytta til geofysiske problemstillingar

Ferdigheiter 

Studenten

  • kan handsame og systematisere observasjons- og modelldata for statistisk analyse
  • kan berekne korrelasjon og regresjon mellom tidsrekkjer
  • kan teste hypotesar og estimere konfidensintervall
  • kan identifisere romleg struktur i data
  • kan finne frekvensfordelinga i ei tidsrekkje og nytte hensiktsmessige filter
  • kan tolke og lage figurar og diagram
  • kan utføre analyse på store datasett ved hjelp av eit moderne programmeringsspråk

Generell kompetanse

Studenten

  • kan nytte statistiske metodar for å analysere geofysiske data
  • kan presentere resultat av ein analyse i ein vitskapleg rapport

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor og master

Undervisningssemester

Haust.

Emnet inngår i undervisningsopptaket. Meir informasjon: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Det er obligatorisk oppmøte på første førelesning.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
GEOF105 Atmosfære- og havfysikk eller tilsvarende. 
Tilrådde forkunnskapar
STAT110, MAT121 eller tilsvarande.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer

Forelesning 3 timar pr. veke.

Øvinger 2 timar pr. veke.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent prosjektoppgåve

Gyldig i 4 semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent + tre etterfølgjande semester.

Vurderingsformer
Prosjektoppåva må vere bestått for å gå opp til eksamen. Slutteksamen, skriftleg 4 timar.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modeller angitt i fakultetets regler.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studierettleiar@gfi.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Institutt
Geofysisk institutt