Nervesystemet sin molekylærbiologi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- MOL214
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Dette kurset skal utstyre studentane med ein forståing av det molekylære grunnlaget for membranelektrisk eksitabilitet og relatert nevrofysiologi og med noko praktisk erfaring med å måle ionekanalfunksjon. Etter kurset skal studentane vera klare til å ta fatt på vidare studiar eller laboratorieprosjekt innan molekylær nevrovitskap, biofysikk eller farmakologi.
Innhold:
Kurset dekker dei viktigaste proteinane som sørger for kjemiske og elektriske gradientar over cellemembranen og som formidlar membraneksitabilitet i celler som nevroner.
Emnet beskriver det biofysiske grunnlaget for proteinfunksjon, korleis dette medierer fysiologiske prosesser spesielt i nervesystemet, i tillegg til eksperimentelle teknikkar og farmakologiske vegar. Det inkluderer også ein praktisk introduksjon til elektrofysiologi i laboratoriet, og kollokvie/diskusjonar og presentasjonar av relevant forsking.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Studenten kan forklare:
- hovudgruppene av membranproteiner som formidlar elektrisk eksitabilitet av celler
- grunnleggande aspekt ved nevrofysiologi
- molekylære eller biofysiske utgangspunkt for membranproteinfunksjon
- nokon av dei store nyare retningane for protein- og nevrofysiologiforsking eller bioteknologi
Ferdigheiter
Studenten kan
- vurdere forsking og presentere den tydeleg for andre forskarar
- utføre grunnleggande eksperimenter for å vurdera ionekanalfunksjonen
- utføre grunnleggande farmakologisk dataanalyse
- skrive forskingsrapportar
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Haust 2024, deretter vår (vår 2025, vår 2026 osb.)
Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.
Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.
Undervisningsstad
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Hovudsakeleg førelesningar, kombinert med kollokvier kor studentane vurderer og presenterer forsking relatert til førelesningene
Eit laboratoriekurs kor studentane øver seg på eksperimentteknikkar relatert til førelesingane.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking i laboratorieøvelsar og kollokvier er obligatorisk.
Skriftleg labrapport er obligatorisk.
Munnleg presentasjon av godkjent tema er obligatorisk.
Fyrste førelesning/Orienteringsmøte er obligatorisk, ellers kan du miste plassen din på emnet.
All obligatorisk aktivitet må vere godkjent før ein kan ta eksamen.
Obligatorisk aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret og tre påfølgende semester.