Tilpassa undervisning i naturfag
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- NATDI300
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gje studentar innsikt i forsking på korleis tilpasse undervisning i naturfaget til elever med ulike bakgrunnar og korleis forstå elevars val og bortval av videre naturfaglege studiar. Emnet har og som mål å sette studentane i stand til vurdere bruk av testar i naturfaget konstruktivt og kritisk.
Innhald:
Emnet tek opp fire hovudtema:
1. Naturfag og allmenndanning. Korleis gjere naturfaget relevant for elevane
2. Det fleirkulturelle naturfagklasserom. Utfordringar og moglegheiter gitt elevanes språklege og kulturelle bakgrunn
3. Elevanes interesser i naturfag. Elevars yrkesval og val og bortval av naturfag
4. Testkultur i skulen. Tydinga av testar både på nasjonalt nivå og på klassenivå og ønskte og uønskte effektar av testing.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten skal kunne
- gjere greie for korleis undervisninga kan ta omsyn til elevanes motivasjon og interesse for naturfaget
- drøfte korleis ulike typar kontekster kan gjere naturfagleg kunnskap relevant for elevane
- beskrive og gi døme på ulike arbeidsmåtar som kan fremme læring i naturfag hos elevar med ulik språkleg og kulturell bakgrunn
- gjere reie for kjende, store nasjonale og internasjonale testar som gjennonføres regelmessig og argumenter for og mot verdien av desse
Ferdigheiter
Studenten skal kunne
- bruke oppdatert informasjon om elevanes interesser for å velje relevante perspektiv på naturvitskapeleg kunnskap for undervisninga
- drøfte korleis bruk av testing i skulen kan påverka naturfagundervisninga positivt og negativt
- engasjere ulike elevar i undervisninga og skape interesse for naturvitskap
- kan leggje til rette for varierte tilnærmingar og arbeidsmåtar som gjer naturfaglege kunnskapar og praksisar tilgjengeleg for elevar med ulik bakgrunn
- planleggje undervisning som viser elevane korleis naturviskapeleg kunnskap er relevant for kvardagen og yrkesval
Generell kompetanse
Studenten skal kunne
- orientere seg i eit nytt fagdidaktisk tema ved hjelp av fagdidaktisk litteratur
- nytte forskingsbasert kunnskap saman med eigne erfaringar frå praksis til å tilpasse eiga undervisning i naturfag til mangfaldet i skulen
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
PEDA131, REALDI200 og LANGPRAKSIS1
Emnet skal normalt takast parallelt med LANGPRAKSIS2
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesing og seminar
Undervisninga legg til rette for studentaktivitet, til dømes arbeid i grupper og diskusjonar i plenum.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Inntil 4 munnlege og skriftlege framlegg.
Gyldig i fire semester, inneverande og tre følgjande semestera.
For å kunne ta eksamen i NATDI300 må normalt langpraksis i 8. semester være bestått være bestått.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- Munnleg