Lærarprofesjonalitet

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som overordna mål å gje lektorstudentar kunnskap om profesjonalitet i læraryrket og korleis profesjonsteori og vitskapsteori gjev forståing for læraren si heilskaplege rolle i skulen og samfunnet.

For det fyrste vil emnet syne korleis læraryrket kan verte forstått som ein profesjon, kva som ligg i omgrep som profesjonelt ansvar, autonomi og autoritet og kvifor profesjonalitet har vorte både eit fagleg og eit politisk ideal.

Emnet vil, for det andre, utdjupe spørsmålet om profesjonalitet gjennom å gje studentane kjennskap til faglege problemstillingar kring høvesvis profesjonskunnskap, særleg spenningar mellom vitskap, kunnskap og politikk i læraryrket, og profesjonsetikk, særleg i relasjon til lovverk og politisk styring.

For det tredje skal studentane verte introduserte for profesjonell utvikling i læraryrket og i skulen. Emnet vil gjere studentane kjende med variantar av praktikarforsking som reiskap for lærarar si profesjonelle utvikling og med skular sitt arbeid med organisasjonslæring og - utvikling.

Emnet tek sikte på å fremje profesjonalitet og faglegheit som ideal i lektorstudentane sin profesjonelle identitet og øve opp dygder som dømmekraft, integritet og intellektuell nysgjerrigheit.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om læraren si profesjonelle rolle i samfunnet
  • har innsikt i det problematiske forholdet mellom pedagogisk teori og pedagogisk praksis
  • har brei kunnskap om pedagogisk teori, vitskapsteori og profesjonsteori, samt koplingar mellom dei
  • kjenner til forskingsbaserte modellar for individuell og kollektiv profesjonell utvikling

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan syne god pedagogisk klokskap og dømekraft i møtet med det komplekse forholdet mellom forsking og pedagogisk praksis
  • kan dokumentere og gje uttrykk for eiga profesjonell utvikling, og kunne leggje fram og grunngje utviklingsmål med støtte i teori
  • kan identifisere pedagogiske utfordringar og møte desse med støtte i teori og forskingsbasert kunnskap
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt knytt til eigen praksis
  • kan bidra inn i faglege diskusjonar om utøving av lærarprofesjonen

Generell kompetanse:

Studenten

  • er i stand til å syne kritisk sans når det gjeld forskingsbasert kunnskap og profesjonsutøvinga sitt forhold til vitskap og politikk
  • kan med stor grad av sjølvstende vidareutvikle eigen kompetanse åleine og i samarbeid med andre

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen.
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Studiepoengsreduksjon
PEDA123 = 10 studiepoeng i reduksjon.
Krav til studierett
Emnet er reservert for studentar på femårig lektorprogram.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert organisert som førelesingar og seminar i mindre grupper. I seminara vert det lagt vekt på studentaktive arbeidsmåtar, og det vert rekna med at studentane møter førebudd. Kvar student har tilbod om 2 timar individuell rettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Frammøte og førebudd deltaking på seminar
  • Levere ei prosjektbeskriving av eige utviklingsprosjekt på 500-1000 ord
  • Gjennomføre utviklings-/forskingsprosjekt
  • Vurderingsformer
    Munnleg eksamen
    Karakterskala
    A-F
    Vurderingssemester
    Vår og haust
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakende evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ingen.
    Programansvarleg
    Det matematisk-naturvitskapelege fakultet
    Det humanistiske fakultet
    Det samfunnsvitenskapelege fakultet
    Emneansvarleg
    Institutt for pedagogikk
    Administrativt ansvarleg
    Det psykologiske fakultet